Firemannsbustad - Rysstad
Vedtak
Kommunestyret tek vurderingane i saka til orientering. Kommunestyret sluttar seg til at det ikkje vert arbeidd vidare med forprosjekt for oppføring av firemannsbustad på Rysstad slik det går fram av verbalvedtak i sak 105/25 «Økonomirapport pr.
2. tertial 2025». Kommunestyret ber om at vidare arbeid med bustadutvikling skjer gjennom:
• bruk og vidareutvikling av eksisterande verkemiddel for å stimulere til bustadbygging i privat regi
• vidare utgreiing av bustadbehov i samanheng med prosjektet «Framtidas eldreomsorg og buformer i Valle kommune»
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 64/2026 den 18.06.2026:
Handsaming:
Alternativt framlegg frå Hildeborg Homme:
Det vert arbeidd vidare med forprosjekt for oppføring av firemannsbustad / rekkehus med fellesareal i sentrum på Rysstad, slik det går fram av verbalvedtak i sak 105/25 økonomirapport pr. andre tertial 2025.
Alternativ røysting:
Framlegget frå Hildeborg Homme fekk 5 røyster frå Kim Pedersen, Kjell Ove Tveiten, ordførar, varaordførar og Hildeborg Homme. Innstilinga frå formannskapet fekk 8 røyster og vart vedteken. (Knut Erik Paulsen, Rune Andre Andersen, Steinar Nomeland, Georg Sørmo, Knut Hagen, Kristin Nomeland, Ola Aarsland og Niklos Berg).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.