Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Utgreiing av behovet for kommunalt beredskapslager

Sak 35/2026 · Kommunestyret 26. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Administrasjonen ser på ei enklare, rimlegare løysing der ein utgreier eit beredskapslager for sårbare grupper. Ev. spredte beredskapslager i kommunen som f.eks. på skule, aldersheim, barnehager I tillegg ei utredning om ein har eigna lokaler til dette som kommunen eig i dag. Aministrasjonen kjem tilbake med ei ny sak til kommunestyret innan september 2026.

2. Valle kommune skal prioritere tiltak som styrkjer eigenberedskapen i hushalda gjennom informasjon, rettleiing og tydeleg krisekommunikasjon.

3. Kommunen skal vidareutvikle beredskapsevna i eigne einingar, inkludert gjennomgang av roller, ressursbruk, prioriteringar og intern kapasitet.

4. Kommunen skal leggje til rette for god intern koordinering, øving og samvirke, samt vurdere samarbeid med næringsliv og frivillig sektor utan etablering av fysisk kommunalt beredskapslager.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 35/2026 den 26.03.2026:

Handsaming:

Alternativt framlegg frå varaordførar på vegne av SP/AP:

Som innstillinga frå formannskapet med nytt punkt 1. Administrasjonen ser på ei enklare, rimlegare løysing der ein utgreier eit beredskapslager for sårbare grupper. Ev. spredte beredskapslager i kommunen som f.eks. på skule, aldersheim, barnehager I tillegg ei utredning om ein har eigna lokaler til dette som kommunen eig i dag. Aministrasjonen kjem tilbake med ei ny sak til kommunestyret innan september 2026.

Alternativ røysting:

Innstillinga frå formannskapet fekk 6 røyster frå Knut Erik Paulsen, Steinar Nomeland, Birgit Homme Harstad, Jørgen Solbakk, Georg Sørmo og Kristin Nomeland. Alternativt framlegg frå varaordførar fekk 8 røyster frå ordførar, varaordførar, Kim Pedersen, Hildeborg Homme, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid N. Homme, Gunvor Åkre og Tarald Rike. Framlegget vart vedteke.

Birgit Homme Harstad fråtrådde deretter møtet.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.