Kommuneplanens samfunnsdel og arealstrategi 2026-2038 - Høyring
Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14 vert forslag til Kommuneplanens samfunnsdel og arealstrategi 2026–2038 lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring i minimum seks veker før endeleg politisk handsaming med desse endringane:
Side 3 (s. 134 i saksframlegget) (Kven er vi i Valle kommune?):
"Kulturarven i Valle er levande, med sterke tradisjonar innan folkemusikk, byggeskikk, handverk og lokal matkultur. Det særeigne vallemålet er og ein del av den levande kulturarven. Kulturarven gir Valle ein tydeleg eigenart som mange er stolte av og som vert nytta innan næringsutvikling, utdanning og vidareføring av tradisjonshandverk."
Side 11 (s. 142 i saksframlegget) (Folkehelse):
"Gjennom enkle og tilgjengelege møteplassar, føreseielege rammer og støtte til lokaleinitiativ, blir det lettare å delta, vere aktiv og oppleve meistring. Når lokalsamfunn er prega av fellesskap, frivillig engasjement, kulturarv og inkluderande aktivitetar, styrkjer dette folkehelsa, stadkjensla, identiteten og lokalsamfunnet i det heile.
Side 12 (s. 143 i saksframlegget) (Beredskap):
Nytt kule punkt under strategiar. Kulturarven er viktig i ein beredskapssammenheng, det kan ein sjå i kriger som til dømes i Ukraina der motparten aktivt går etter bygningsarven. Me skulle gjerne derfor sett at ord som "kulturarv" blir tatt med. "Kulturarven gjev samfunnet auka tålegrense og motstandskraft. Den samlar folk, men kan derfor også bli mål for å kunne splitte, øydelegge, endre og gløyme. Derfor er det viktig å vite korleis me tek vare på folk og møteplassar, tradisjonell sang, kunst, bygningsarv og historiske gjenstander, og vere bevisst på krafta i kulturarven"
Side 13 (s. 144 i saksframlegget) (Berekraft):
"Planen legg særleg vekt på sosial berekraft, sirkulærøkonomi, lokal verdiskaping, førebygging og samfunnets samla kapasitet, i ljos av framtidige demografiske og økonomiskeutfordringar"
Side 17 (s. 148 i saksframlegget) (Overordna arealstrategi):
"Leggje vekt på identitet, kulturmiljø, estetikk, sirkulærøkonomi, arkitektur og lokal byggjeskikk når vi bygger."
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 33/2026 den 26.03.2026:
Handsaming:
Framlegg frå Margit Dale:
Side 3 (s. 134 i saksframlegget) (Kven er vi i Valle kommune?):
Framlegg:
"Kulturarven i Valle er levande, med sterke tradisjonar innan folkemusikk, byggeskikk, handverk og lokal matkultur. Det særeigne vallemålet er og ein del av den levande kulturarven. Kulturarven gir Valle ein tydeleg eigenart som mange er stolte av og som vert nytta innan næringsutvikling, utdanning og vidareføring av tradisjonshandverk."
Røysting: Framlegget vart samrøystes vedteke.
Side 11 (s. 142 i saksframlegget) (Folkehelse):
Framlegg:
"Gjennom enkle og tilgjengelege møteplassar, føreseielege rammer og støtte til lokaleinitiativ, blir det lettare å delta, vere aktiv og oppleve meistring. Når lokalsamfunn er prega av fellesskap, frivillig engasjement, kulturarv og inkluderande aktivitetar, styrkjer dette folkehelsa, stadkjensla, identiteten og lokalsamfunnet i det heile
Røysting: Framlegget vart vedteke mot 3 røyster frå Knut Erik Paulsen, Steinar Nomeland og Kristin Nomeland.
Side 12 (s. 143 i saksframlegget) (Beredskap):
Nytt kule punkt under strategiar. Kulturarva er viktig i ein beredskapssammenheng, det kan ein sjå i kriger som til dømes i Ukraina der motparten aktivt går etter bygningsarven. Me skulle gjerne derfor sett at ord som "kulturarv" blir tatt med.
Framlegg:
"Kulturarven gjev samfunnet auka tålegrense og motstandskraft. Den samlar folk, men kan derfor også bli mål for å kunne splitte, øydelegge, endre og gløyme. Derfor er det viktig å vite korleis me tek vare på folk og møteplassar, tradisjonell sang, kunst, bygningsarv og historiske gjenstander, og vere bevisst på krafta i kulturarven"
Røysting: Framlegget vart vedteke mot 3 røyster frå Georg Sørmo, Steinar Nomeland og Kristin Nomeland.
Side 13 (s. 144 i saksframlegget) (Berekraft):
Framlegg:
"Planen legg særleg vekt på sosial berekraft, sirkulærøkonomi, lokal verdiskaping, førebygging og samfunnets samla kapasitet, i ljos av framtidige demografiske og økonomiskeutfordringar"
Røysting: Framlegget vart samrøystes vedtkee.
Side 16 (s. 147 i saksframlegget) (Arealstrategi):
Framlegg:
- Avsnitt fem, andre og tredje setning:
"Busetnad og uterom skal ha god landskapstilpassing, høg arkitektonisk kvalitet og materialbruk som speglar og vidarefører lokal byggetradisjon og kulturarv. Kulturhistoriske verdiar og viktige landskapselement skal integrerast i stadutviklinga for å styrkje, ombruk, identitet, attraktivitet og tilhøyrsle."
Røysting: Tarald Rike, varaordførar, Gunvor Åkre, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid N. Homme, Hildeborg Homme og Kim Pedersen røysta for.
Steinar Nomeland, Knut Erik Paulsen, Birgit Homme Harstad, Jørgen Solbakk, Georg Sørmo, Kristin Nomeland og ordførar røysta mot. Framlegget fall med ordførar si dobbelrøyst.
Side 17 (s. 148 i saksframlegget) (Overordna arealstrategi):
Framlegg:
"Leggje vekt på identitet, kulturmiljø, estetikk, sirkulærøkonomi, arkitektur og lokal byggjeskikk når vi bygger."
Røysting: Framlegget vart vedteke mot 6 røyster frå Jørgen Solbakk, Birgit Homme Harstad, Knut Erik Paulsen, Georg Sørmo, Steinar Nomeland og Kristin Nomeland.
Innstillinga frå formannskapet med vedtekne endringar vart samrøystes vedtekne.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.