Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Grunnavtale om styrkt interkommunalt samarbeid i region Setesdal

Sak 38/2026 · Kommunestyret 26. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek å slutte seg til «Grunnavtale om styrkt interkommunalt samarbeid i region Setesdal», slik avtalen ligg føre.

Kommunestyret bed kommunedirektøren fylgje opp avtalen gjennom aktiv deltaking i regional samordning og ved å leggje fram naudsynte saker for politisk handsaming i tråd med mål, prinsipp og prosessar i grunnavtalen.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 38/2026 den 26.03.2026:

Handsaming:

Alternativt framlegg frå varaordførar:

Styrkinga av det interkommunale samarbeidet, slik det no blir lagt opp til, framstår for meg som eit ledd i sentralisering av tenester. Kommunane vert utarma etterkvart for både arbeidsplasser og tenester. Det vart fleirtal i sist kommunestyre at ei skulle leggje tre stillingar til Bygland for felleskontor for spreidde avløp – ei oppgåve som utan problem kan løysast i kvar enkelt kommune. Resultatet er at Valle mistar arbeidsplassar som me sårt treng. No skal samarbeidet ytterlegare styrkjast, og eg oppfattar dette som eit nytt steg i retning av samanslåing. Valle må vere så sjølvstendig som mogleg.

Kommunestyret sluttar seg ikkje til Grunnavtale om styrkt interkommunalt samarbeid i region Setesdal.

Alternativ røysting:

Innstillinga frå formannskapet fekk 7 røyster frå ordførar, Knut Erik Paulsen, Steinar Nomeland, Jørgen Solbakk, Georg Sørmo, Kristin Nomeland, og Malmfrid N. homme. Alternativt framlegg frå varaordførar fekk 6 røyster frå varaordførar, Kim Pedersen, Hildeborg Homme, Kjell Ove Tveiten, Gunvor Åkre og Tarald Rike.

Knut Erik Paulsen fråtrådde deretter møtet.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.