Strategiplan og felles tilsynskontor for spreidde avløp
Vedtak
1. Kommunestyret vedtek strategiplan for spreidde avløpsanlegg for Valle kommune.
2. Kommunestyret gjev administrasjonen fullmakt til å arbeide vidare med etablering av felles tilsynskontor for spreidde avløp basert på den tilrådde løysinga i strategiplanen.
3. Kommunestyret godkjenner at det vert oppretta eit interkommunalt samarbeid organisert som vertskommunemodell i høve til kommunelovens kapittel 20.
4. Kommunestyret godkjenner at tilsynskontoret vert bemanna med tre 100 % stillingar.
5. Finansiering skjer i tråd med sjølvkostprinsippet. Nytt tilsynsgebyr for spreidde avløp utarbeidast av administrasjonen og framleggast kommunestyret.
6. Dersom arbeidsområdet for tilsynskontoret sine tenester blir redusert ved at nokon av kommunane vel å trekkje seg heilt eller delvis ut av samarbeidet, må framlagt forslag til rammer for tiltaket (inkl. tal på tilsette) reduserast tilsvarande det reduserte talet på abonnentar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 18/2026 den 26.02.2026:
Handsaming:
Alternativt framlegg frå varaordførar:
1. Kommunestyret vedtek å utsette handsaming og godkjenning av strategiplanen for spredte avløpsanlegg for Valle kommune
2. Kommunestyret sluttar seg ikkje til kommunedirektørens innstilling punkt 2 til 5, slik den føreligg
3. Kommunestyret ber administrasjonen arbeide vidare med å vurdere og avklare løysningar for tilsyn og oppfølging av spredte avløpsanlegg for kun Valle kommune
4. Når ein tilfredstillande løysing i eigen kommune er utreda, kan strategiplan for spredte avløpsanlegg for Valle kommune legges fram på nytt for politisk handsaming og eventuell godkjenning.
Alternativ røysting:
Framlegget frå varaordførar fekk 7 røyster frå varaordførar, ordførar, Kim Pedersen, Hildeborg Homme, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid Homme og Gunvor Åkre.
Innstillinga frå formannskapet fekk 8 røyster frå Niklos Berg, Knut Hagen, Svenn Magne Brokke, Jørgen Solbakk, Birgit Homme Harstad, Steinar Nomeland, Rune Andre Andersen og Knut Erik Paulsen.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.