Hylestad barnehage - behov for auka areal og mellombels tiltak
Vedtak
Kommunen tilbyr å leige arealet frå Hylestad Eigedom for å dekke arealbehovet frå august 2026 og fram til ei permanent løysing er på plass, på fylgjande vilkår:
1. Leigeutgifter for 2026 er kr. 120 000 som vert innarbeidd i 1. tertialrapport.
2. Utgifter til inventar på kr. 100 000 vert innarbeidd i 1. tertialrapport.
3. Årlege leigeutgifter for 2027 og 2028 er kr. 300 000, og vert innarbeidd i budsjettet for 2027 og økonomiplanen for 2027-2030.
4. Kommunedirektøren legg fram eiga sak i juni med forslag til endeleg løysing for å dekkje arealbehovet.
5. Hylestad Eigedom forpliktar seg i leigetida til ikkje å leige ut eller selje areal til aktivitetar eller bruk som ikkje er tilpassa eller foreinleg med barnehagens drift.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 19/2026 den 26.02.2026:
Handsaming:
Hildeborg Homme bad kommunestyret vurdere sin habilitet då ho var styremedlem i Hylestad Eigedom AS fram til mai 2025, jf. § 6, andre ledd i forvaltningslova. Ho fråtrådde møtet. Hildeborg Homme vart funnen habil til å handsame saka mot 3 røyster frå Gunvor Åkre, ordførar og varaordførar.
Kim Pedersen bad kommunestyret vurdere sin habilitet som 1. varamedlem i generalforsamlinga i Valle Sparebank, jf. § 6, andre ledd i forvaltningslova. Han fråtrådde møtet. Kim Pedersen vart funnen habil mot ei røyst frå Gunvor Åkre.
Niklos Berg bad kommunestyret vurdere sin habilitet då han er sambuar med verneombod i Hylestad barnehage, jf. § 6, andre ledd i forvaltningslova. Han fråtrådde møtet. Niklos Berg vart funnen habil til å handsame saka mot ei røyst frå Gunvor Åkre.
Hildeborg Homme, Kim Pedersen og Niklos Berg tiltrådde deretter møtet.
Framlegg frå Steinar Nomeland:
Kommunen tilbyr å leige arealet frå Hylestad Eigedom for å dekke arealbehovet frå august 2026 og fram til ei permanent løysing er på plass, på fylgjande vilkår:
1. Leigeutgifter for 2026 er kr. 120 000 som vert innarbeidd i 1. tertialrapport.
2. Utgifter til inventar på kr. 100 000 vert innarbeidd i 1. tertialrapport.
3. Årlege leigeutgifter for 2027 og 2028 er kr. 300 000, og vert innarbeidd i budsjettet for 2027 og økonomiplanen for 2027-2030.
4. Kommunedirektøren legg fram eiga sak i juni med forslag til endeleg løysing for å dekkje arealbehovet.
5. Hylestad Eigedom forpliktar seg i leigetida til ikkje å leige ut eller selje areal til aktivitetar eller bruk som ikkje er tilpassa eller foreinleg med barnehagens drift.
Alternativ røysting:
Framlegget frå Steinar Nomeland vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.