Ny felles eigarstrategi - Å Energi AS
Vedtak
1. Valle kommune støttar det framlagde forslaget til ny eigarstrategi.
2. Valle kommune ynskjer at alternativ A (gjeldande eigarsignal per i dag): Det vert forventa at selskapet ikkje involverer seg i utvikling eller utbygging av ny vindkraft på land
3. Vidare arbeid med strategien er viktig
• Det må gå tydeleg fram korleis konsernstrategien skal takast vidare og fylgjast opp.
• Eigarane skal få presentert konsernstrategien på ein måte som viser korleis den heng saman med eigarstrategien.
• Styreleiar skal gjerast tydeleg ansvarleg for gjennomføringa, slik at strategien faktisk får effekt. Utbytte og økonomisk ansvarlegheit
• Kommunane er avhengige av stabile utbyte. Det må presiserast at hovudmålet er å levere føreseielege utbyte til eigarkommunane.
• Verdiutvikling er positivt, men skal ikkje gå på kostnad av utbyte.
• Midlar skal ikkje brukast på aktivitetar som ikkje støttar kjerneverksemda. Kjerneverksemd og retning
• Eigarane må følgje opp og ansvarleggjere styret, spesielt i arbeidet med å sikre at kjerneverksemda er styrande for prioriteringar og beslutningar.
• Det kan vere behov for endå strammare og meir presis formulering av kva som er verksemda sine kjerneområde.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 26/2026 den 26.02.2026:
Handsaming:
Rune Andre Andersen reiste frå møte før handsaming i saka. Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.