Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Førespurnader

Sak 72/2026 · Kommunestyret 24. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 72/2026 den 24.09.2026:

Gunvor Åkre:

I budsjettet som vart vedteke i desember, vart det vedteke eit effektiviseringstiltak ved Valle skule på 1,062 millionar kroner. Skulen ba samstundes om auka løyving til fornying av lærebøker, med ein kostnad på om lag 150 000 kroner.

No er det ei tydeleg satsing frå regjeringa på fysiske lærebøker i skulen. Difor meiner eg det er viktig å få fram kva som faktisk er situasjonen ved Valle skule. Slik saka vart lagt fram i budsjettet, kom det ikkje tydeleg nok fram om dette berre handlar om å fornye bøker som allereie finnast, eller om skulen faktisk manglar oppdatera og brukande lærebøker.

Eg ber difor om svar på, og eg understrekjer at det er tale om fysiske lærebøker:

Dersom det viser seg at Valle skule ikkje har bøker eller tilstrekkelege og oppdaterte lærebøker, meiner eg det må vere politikarane sitt ansvar å prioritere dette. Gode læremiddel er ikkje luksus eller noko skulen kan velje bort for å få eit effektiviseringsbudsjett til å gå opp. Det er eit grunnleggjande verkemiddel for å sikre ei god opplæring.

• Har Valle skule i dag lærebøker som er oppdaterte og tilfredsstillande for den undervisninga skulen skal gje?

• Er dei 150 000 kronene til fornying av bøker som framleis er brukande, eller er det behov for lærebøker fordi skulen manglar nødvendige og oppdatera læremiddel?

• Kva fag og klassetrinn gjeld behovet?

• Er det klassetrinn ved Valle skule som ikkje bruker fysiske lærebøker i det heile, og berre bruker skjerm?

Eg ber difor om at det vert lagt fram ei sak i tertialrapporten om situasjonen og finansieringa av lærebøkene. Dersom behovet er akutt, ber eg om at det vert lagt fram ei eiga sak for kommunestyret så snart som mogleg, med forslag om å løyve 150 000 kroner til nødvendige lærebøker ved Valle skule. Me må kunne stille krav til effektivisering, men me må samstundes vere ærlege på kva vi faktisk sparer inn på. Dersom effektivisering i praksis betyr at skulen ikkje har råd til nødvendige lærebøker, meiner eg me har prioritert feil.

Kommunedirektøren:

Valle skule har lærebøker og læremiddel som gjer det mogleg å gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanverket. Samstundes er det eit etterslep på fornying av delar av lærebokverket, og enkelte bøker er utdaterte. Behovet gjeld fleire fag og klassetrinn, men er ikkje vurdert som akutt.

Det vart ikkje vedteke ei særskild løyving på 150 000 kroner til lærebøker i budsjettet for 2026. Behovet som vart omtala i budsjettarbeidet gjaldt i hovudsak fornying og oppdatering av eksisterande lærebokverk. I revidert statsbudsjett vart det tildelt om lag 35 000 kroner i statleg tilskot til fysiske læremiddel og om lag 26 000 kroner til læremiddel for elevar med dysleksi eller andre lesevanskar. Administrasjonen vurderer at desse midlane er tilstrekkelege til å handtere det etterslepet som vart omtala i budsjettarbeidet for 2026.

Valle skule har ingen klassetrinn som utelukkande nyttar digitale læremiddel. Alle klassetrinn nyttar fysiske bøker i varierande grad. På dei lågaste trinna vert digitale einingar hovudsakleg nytta til avgrensa øvingsoppgåver og liknande aktivitetar. På ungdomssteget er den digitale læringsplattformen Skolestudio med digitale lærebøker den mest brukte lærekjelda, men undervisninga vert òg supplert med hefte og fysiske bøker. Som følgje av behovet for fornying av delar av læreverk og læremiddel nyttar lærarane ein kombinasjon for å sikre at opplæringa dekkjer måla i læreplanverket.

Administrasjonen vil vurdere eventuelle behov for ytterlegare midlar til læremiddel i samband med budsjettarbeidet for 2027.

Knut Hagen:

Kva er status tiltaksplan for villrein?

Ordførar:

Det kjem under ordførar orienterer.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.