Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Førespurnader

Sak 56/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 56/2026 den 18.06.2026:

Svar på førespurnad frå april møtet frå Kim Pedersen:

Agder fylkeskommune hadde i 2026 satt av 4,75 mill. kroner til fysiske stedsutviklingsprosjekter i kommunene. Midlene ble lyst ut i brev av 18.12.2025 med søknadsfrist 13.03.2026 Det er kjent at fleire kommunar og deriblant Bykle har sendt inn søknader innan fristen å fått tildelt midler Valle kommune har derimot ikkje søkt om desse midlane. På denne bakgrunnen ønskjer eg ei nærare forklaring på kvifor kommunen har valt å ikkje sende inn søknad.

Spørsmål er:

-Om det ligg føre konkrete vurderingar eller prioriteringar som er årsaka til at det ikkje vart søkt -Om kommunen har vurdert aktuelle prosjekt som kunne vore aktuelle for støtte -Om det er planar om å søkje tilsvarande midlar ved seinare høve -Eg ber om at svaret også seier noko om korleis kommunen arbeider med stedsutvikling generelt, og om eksterne tilskotsordningar vert nytta aktivt i dette arbeidet.

Kommunedirektøren:

Valle kommune er kjend med tilskotsordningane for stadutvikling i regi av Agder fylkeskommune, både for fysiske og ikkje-fysiske tiltak. Når det gjeld kvifor kommunen ikkje søkte på ordninga for fysiske tiltak innan fristen i 2026, ligg det føre følgjande vurderingar:

Kommunen har hatt eit aktuelt prosjekt knytt til Rysstad turpark. For dette prosjektet vart det i 2025 søkt om midlar til ikkje-fysiske tiltak, utan å få tilslag. I etterkant er det arbeidd vidare med finansiering gjennom andre ordningar, mellom anna søknad om spelemidlar (tippemidlar) til ny bru og søknad om heiplanmidlar i 2026.

Generelt er det ein føresetnad for å søkje denne typen tilskot at prosjekt er tilstrekkeleg planlagt og forankra, og at kommunen står som eigar av tiltaket. Per i dag har kommunen ikkje hatt eit ferdig utvikla og tilstrekkeleg forankra prosjekt innanfor ramma av denne ordninga som gjorde det naturleg å sende søknad innan fristen. Når det gjeld vidare arbeid:

Stadutvikling skjer på fleire nivå, og tek ofte utgangspunkt i overordna planprosessar og arealplanar. Kommunen vurderer løpande aktuelle prosjekt innan stadutvikling med utgangspunkt i vedtekne planar, inkl. budsjett/økonomiplan. Me søkjer eksterne tilskotsordningar der dette er føremålstenleg. For å lukkast med søknader er det avgjerande at tiltaka er godt forankra, både hjå kommunen og eventuelle samarbeidspartnarar. Det er aktuelt å vurdere søknad til tilsvarande ordningar ved seinare høve, dersom det ligg føre prosjekt som tilfredsstiller kriteria.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.