Førespurnader
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 43/2026 den 30.04.2026:
Jørgen Solbakk:
Når ein ser at tiltak som kommunen har godkjent i bygdeutviklingsona og i eksisterande hyttefelt blir stoppa av statsforvalteren pga teoretisk leveområdet for villrein, har administrasjonen då nok grunnlag for å revidere arealdelen til kommuneplanen før det er avklart kor ein faktisk skal få bygge i kommunen. Bør ein evt sette revideringa på vent til dette er avklart? Ordførar:
Ein meiner å ha godt nok grunnlag til å gjennomføre planarbeidet.
Margit Dale:
Heieplanen er no under revidering. Statlege retningsliner har vist seg å ha høgare juridisk og politisk tyngd enn lokale og regionale planar. Dette kjem tydeleg fram gjennom døme om saka der Valle kommune tapa i retten når det galdt oppattbyggjing av støylsbuer. Dette syner at planen, slik den ligg føre no, ikkje er juridisk bindande eller førande.
Samtidig betyr ikkje dette at Heieplanen er utan verdi. Sjølv om han formelt mistar rolla si som styrande planverktøy, inneheld han framleis kunnskap, prioriteringar og lokale vurderingar som kan vere relevante i det vidare arbeidet. Kommunane kan nytte dette som eit viktig utgangspunkt når dei skal tilpasse seg dei nye statlege føringane.
Kommunane står difor i eit spenn mellom å oppfylle nye nasjonale krav og å ta vare på lokal forankring og tidlegare arbeid. Ordføraren sit i styringsgruppa for revideringa av Heieplanen, etter det eg kan sjå frå referatet vert arbeidet meir omfattande og forseinka fordi ordføraren med fleire ynskjer ein full revisjon av planen. Er styringsgruppa tilstrekkeleg merksam på konsekvensane av å forseinke arbeidet? Ville det ikkje vore meir føremålstenleg å arbeide målretta vidare med Heieplanen og få han ferdigstilt, slik at kommunen står betre rusta og unngår at staten i større grad overstyrer på grunn av manglande samsvar med gjeldande krav?
Ordførar:
Det som er formelt rett, er at ordføraren sit i «politisk referansegruppe for revisjon av Heiplanen», som under prosessen har vorte endra til «politisk råd for revisjon av Heiplanen». I kraft av dette har det politiske nivået vorte tettare kopla på prosessen. Det er rett at Statsforvaltaren vurderer Heiplanen som utdatert. Som følgje av dette nyttar Statsforvaltaren kartet ein kallar «Villreinens biologiske leveområde» som rettleiande i villreinspørsmål. Frå Valle kommune si side ligg det til grunn at Heiplanen skal vekte villreinomsynet opp om fleire andre omsyn. Planen skal ikkje setje villreinomsynet framfor alle andre omsyn. Ja, ein meir omfattande revisjon vil føre til ein prosess som dreg lengre ut i tid. Likevel trur eg dette er naudsynt for ein plan me skal leve med lenge. Slik prosessen opphaveleg var lagt opp, skulle revisjonen gjerast med utgangspunkt i Statsforvaltarens krav og Agder Fylkeskommunes eiga evaluering av planen. Førespurnaden nemner «støylsbusaka». Det kan opplevast som rart at Valle kommune, som har vore part i kan skje den største konflikta knytt til heiplanen, ikkje i utgangspunktet var tenkt å bidra inn i evalueringa. Dette er mellom vurderingane som er lagt til grunn når ein har pressa på for ein meir omfattande revisjon. Så svaret vert ja, gruppa er klar over konsekvensane
Kim Pedersen:
Agder fylkeskommune hadde i 2026 satt av 4,75 mill. kroner til fysiske stedsutviklingsprosjekter i kommunene. Midlene ble lyst ut i brev av 18.12.2025 med søknadsfrist 13.03.2026 Det er kjent at fleire kommunar og deriblant Bykle har sendt inn søknader innan fristen å fått tildelt midler Valle kommune har derimot ikkje søkt om desse midlane. På denne bakgrunnen ønskjer eg ei nærare forklaring på kvifor kommunen har valt å ikkje sende inn søknad. Spørsmål er:
-Om det ligg føre konkrete vurderingar eller prioriteringar som er årsaka til at det ikkje vart søkt -Om kommunen har vurdert aktuelle prosjekt som kunne vore aktuelle for støtte -Om det er planar om å søkje tilsvarande midlar ved seinare høve -Eg ber om at svaret også seier noko om korleis kommunen arbeider med stedsutvikling generelt, og om eksterne tilskotsordningar vert nytta aktivt i dette arbeidet.
Kommunedirektøren:
Dette kjem me tilbake til på neste møte.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.