Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Ordførar orienterer

Sak 3/2026 · Kommunestyret 29. januar 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 3/2026 den 29.01.2026:

• Beredskapsøving og felles beredskapsmøte med bykle

• Revisjon heiplanen

• Opning av ny fløy på sfo

• Felles samling for ungdomsråda i regionen

• Status i Burak-saka (oppfølging av førespurnad frå desembermøtet)

Grunngjeve spursmål frå Margit Dale:

Kommunen selde tidlegare Hylestad skule til Hylestad Eigedom AS for 1 krone. No ligg det føre eit tilbod om gjenkjøp til ein pris på 4 millionar kroner. Seljar hevdar at bygget er oppgradert for 4 millionar kroner. Til trass for vedtak i kommunestyret om at Hylestad Eigedom må legge fram rekneskap som dokumentarar dette, er det ikkje gjort. Tilstandsrapporten syner stort vedlikehaldsetterslep og eit oppgraderingsbehov på 3-4 millionar kroner. Desse kostnadane omfattar ikkje å byggje om den gamle skulen til ein barnehage som svarar til dagens krav. Vidare vil årlege driftsutgifter ligge på om lag 1,2 million kroner. Bygningsmassen er omfattande og kostnadskrevjande. Samtidig viser prognosane at det kan vere behov for å utvide Hylestad barnehage med 50 m² frå og med 2027. I den samanhengen er det heilt avgjerande å finne den mest kostnadseffektive og tenlege løysinga for kommunen. På bakgrunn av dette ønskjer eg svar på følgjande spursmål:

1. Tilstanden på dagens barnehage

• Kva er den tekniske standarden på den noverande Hylestad barnehage?

• Kva vil det koste å utvide barnehagen med om lag 50 m²?

• Kva skal den eksisterande barnehagebygningen nyttast til dersom kommunen vel å kjøpe tilbake den gamle skulen, og kva vil drifts- og vedlikehaldskostnadene være?

2. Kostnader knytt til den tidlegare skulebygninga

• Kva vil det koste å ruste opp gamle Hylestad skule til barnehage etter dagens tekniske og funksjonelle krav?

• Kva vil dei årlege drifts- og vedlikehaldskostnadene vere dei komande 10–20 åra?

• Kva slags større vedlikehaldsarbeid må reknast inn (t.d. utskifting av tak, røyr, kledning, ventilasjon)?

3. Vegrett og tilkomst

• Det vert hevda frå Hylestad eigedom at kommunen ikkje har vegrett til barnehagen. Er dette korrekt?

• Dersom ja: kva utfordringar og eventuelle kostnader kan dette skape for drift, beredskap og framtidig bruk?

• Dersom kommunen ikkje har vegrett. Kan dette løysast med ekspropriasjon?

4. Samla økonomisk vurdering

• Kva alternativ er totalt sett billegast og mest berekraftig for kommunen på lang sikt:

o Gjenkjøp og opprusting av den gamle skulen o Utviding av eksisterande barnehage

Ordførarens svar:

I det grunngjevne spørsmålet frå Margit Dale er det fleire underpunkt det er vanskeleg å svare nokolunde presist på på noverande tidspunkt. Årsaka er at det omhandlar spørsmål som førebels ikkje er vurdera eller kostnadsberekna. Svar vert difor meir overordna enn det grunngjevne spørsmålet legg opp til.

1. Tilstand på dagens barnehage Kommunestyret har sett av midlar til forprosjekt utviding av Hylestad barnehage. Spørsmål om teknisk standard og utviding vert svara utførleg på i denne saka, som er vent i mai. Barnehagen er renovera for ikkje så mange år sidan, og ein går ut frå at standarden er ganske bra. Det er ikkje gjort konkrete vurderingar på alternativ bruk av den eksisterande barnehagen.

2. Kostnader knytt til den tidlegare skulebygninga. Det er ikkje gjort konkrete vurderingar av kva det vil koste å ruste opp gamle Hylestad skule til barnehage etter dagens krav. Kommunestyret kan eventuelt be om ei vurdering av dette i den tidlegare nemnde saka om forprosjekt utviding Hylestad barnehage.

3. Vegrett og tilkomst Hylestad Eigedom AS har i etterkant av synfaringa signalisert at vegretten for kommunen skal sikrast, og at dette ikkje skal vere noko problem. Vegretten må formaliserast før eigedomen eventuelt vert overdregen til andre.

4. Samla økonomisk vurdering Ei samla økonomisk vurdering kan gjerast når føresetnadane med dei to nemnde alternativa er tilstrekkeleg avklarte, noko som tidlegast kan skje i samband med framlegging av saka om forprosjekt utviding Hylestad Barnehage.

Framlegg til vedtak:

Eg ber om at spørsmåla vert svara ut i sak om forprosjekt utviding av Hylestad barnehage og inkluderer konkrete talgrunnlag, vurderingar av risiko og framtidige driftskonsekvensar slik at kommunestyret kan fatte ei informert avgjerd. Det er også ein føresetnad at tidlegare etterspurt rekneskap ligg med i saka.

Røysting:

Framlegget vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.