Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Førespurnader

Sak 2/2026 · Kommunestyret 29. januar 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 2/2026 den 29.01.2026:

Rune Andre Andersen:

I eit lesar innlegg på sosiale media og i lokalavisa er det ytret om at det er vanskelige arbeidsforhold for barn og tilsette på Hylestad Bornehage.

Vert lovar og reglar for bornehagedrift haldne slik det er pr i dag ?

Kommunedirektøren:

Med dagens barnetal er arealet i Hylestad barnehage tilstrekkeleg i høve til dei arealkrava som gjeld. Aukande barnetal gjer at det er behov for å auke arealet frå neste barnehageår, og det vert lagt fram ei sak i februar om moglege mellombels løysingar. I tråd med verbalvedtaket frå handsaminga av andre tertialrapport i fjor vert det seinare i år lagt fram ei sak om korleis dette skal løyast på lengre sikt.

Kommunedirektør og andre møtande frå administrasjonen forlot møtet.

Steinar Nomeland:

Varslingssaka mot kommunedirektøren har utvikla seg til det eg meiner er ein uhaldbar situasjon for kommunens leiarar, tilsette, og kommunestyre. Alle føler seg mistenkt, og alle mistenker alle rundt kven som har varsla, og kven det er varsla på vegne av. Eg kjenner til, og er gjort merksam på av fleire tilsette i kommunen, at varslingssaka har medført eit betydeleg dårlegare arbeidsmiljø og trivsel på alle nivå i kommunen. Det er kommunestyret som er arbeidsgjevar, og som tilset kommunedirektøren. Som arbeidsgjevar har ikkje kommunestyret fengje noko informasjon, varsel, påverknad, eller vorte rådført i varslingssaka. Fysste informasjon kommunestyret fekk var i det lukka kommunestyremøte i desember 2025, og då var saksgangen alt avgjort. Kommunestyret fekk heller ikkje informasjon om at ordførar vart bortreist på ferie i 3 veker rett eter det lukka kommunestyremøtet. Kommunestyret fekk heller ikkje informasjon om at varaordførar skulle overta ordførarens ansvar og plikter. Me veit heller ikkje om nokon av kommunestyrets representantar er i slekt, nabo, eller ven med varslaren, eller på annan måte kan vere ugild.

Når det gjeld informasjon til kommunestyret om ferieavvikling er det heilt rett, dette skulle kommunestyret sjølvsagt vore informera om. Det var ein feil, og det beklagar eg.

1. Var ordføraren indisponibel i ferien, jf. kommunelovas reglar om hindring og fråfall? Svar:

Eg har ikkje funne anna i kommunelova om hindring og bortfall enn det som går på forfall til møte. Ordføraren har ikkje meldt forfall til noko møte i samband med ferieavvikling. Ordførar var tilgjengeleg på telefon og e-post gjennom heile ferien, sett bort frå sjølve reisa frå A til B. Det var også telefonisk kontakt etter behov mellom ordførar og varaordførar i perioden då ordføraren var på ferie.

2. Er ordførarens ferieavvikling i medhald av kommunelova, god nok grunn til at varaordførar kan overtake ordførarvervet? Svar:

I §6-2 i kommunelova står det at varaordførar rykker opp som ordførar dersom ordførar midlertidig fråtrær vervet. Ny varaordførar må då veljast av kommunestyret. Det er mi vurdering at dette ikkje gjeld i samband med ferieavvikling, der tidsperspektivet var avgrensa og ansvarsfordelinga var avklara på førehand. Det var også telefonisk kontakt etter behov mellom varaordførar og ordførar i dei vekene ordførar var bortreist.

3. Kan varaordførar i medhald av kommunelova overtake ordførarvervet under ordførarens ferieavvikling, utan at det er varsla eller vedteke av kommunestyret? Svar:

Sjå førre svar. I §6-2 i kommunelova står det at varaordførar rykker opp som ordførar dersom ordførar midlertidig fråtrer vervet. Ny varaordførar må då veljast av kommunestyret. Det er mi vurdering at dette ikkje gjeld i samband med ferieavvikling, der tidsperspektivet var avgrensa og ansvarsfordelinga var avklara på førehand.

4. Kvifor vart ikkje kommunestyret rådført eller informera i forkant om korleis varslingssaka skulle handterast? Svar:

Valle kommune har rutiner for varsling og handtering av varsel. Det er ingenting i desse rutinene som viser til at kommunestyret må rådførast om handteringa. Så er det heller ingenting i rutinene som seier at ein ikkje KAN rådføre seg med kommunestyret. Det går an å vere både einig og ueinig i denne delen av handteringa, men ho er i tråd med varslingsrutinene. Så kjem det ei sak i slutten av møtet i dag, der representantane står fritt til å gjere greie for sitt syn.

5. Kvifor måtte kommunen sjølv offentlegjere varslingssaka, berre nokre få timar etter at ordførar i lukka kommunestyremøte oppmoda om at ein skulle freiste å halde varslinga diskré så lenge som mogeleg? Svar:

Ordføraren fekk råd frå Agder kommunerevisjon om at ein kan BE kommunestyret om å utvise diskresjon i ei varslingssak, men ein kan ikkje krevje det. At informasjonen frå det lukka kommunestyremøtet vart offentleg, kan ein tenkje og meine mykje om – og tru meg, det gjer eg – men det er ikkje bruka ressursar på å finne ut kvar lekkasjen kom frå, nettopp fordi ein i ei slik sak ikkje kan krevje diskresjon. Det er elles ikkje mi oppfatting at kommunen MÅTTE offentleggjere varslingssaka, men eg er kjend med at det vart lagt ut ei nettsak, som seinare vart trekt tilbake etter ei ny vurdering.

6. Sidan det er eit varsel mot kommunedirektøren, er det naturleg å tenkje at habilitetsreglane etter kommunelova og forvaltningslova medfører at kommunens administrasjon og tilsette er ugilde. Varaordførar gjekk ut i media og erklæra kommunens kommunikasjonsrådgjevar for ugild. Korleis vurdera varaordføraren gildskapen til resten av kommunens administrasjon og tilsette? Svar:

Svaret på det, på vegne av varaordføraren, vert at det har ikkje oppstått andre situasjonar der det har vore behov for å gjere ei slik vurdering, med eitt unnatak, som det skal gjerast greie for i siste sak på sakskartet.

7. Var ordførar og varaordførar einige om å gå ut i media med opplysninga om gildskapen til kommunikasjonsrådgjevaren? Svar:

Relevant kommunikasjon med Agder kommunerevisjon som rådgjevande organ, vert lagt inn i dei offentlege postlistene til kommunen. Det er då ikkje uvanleg eller uventa at media søkjer om innsyn i desse dokumenta, og lagar saker på det dei meiner har interesse for ålmenta. Det er dette som har skjedd i samband med dette oppslaget. Ein har ikkje aktivt «gått ut i media».

Ellers visar ordførar til rutine for varsling i Valle kommune, punkt 3.7:«Saksbehandlar må huske å ivareta personvernet til alle som er involvert i saka. Dette gjeld i heile prosessen frå mottak av varsel til evaluering av prosessen.»

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.