Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Førespurnader

Sak 30/2026 · Kommunestyret 26. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 30/2026 den 26.03.2026:

Gunvor Åkre stilte følgjande førespurnad i kommunestyremøte 26. februar:

Korleis er prognosene for Valle i høve barnetall og plass dei neste åra.

Oppvekstleiar orienterte om prognosene i høve barnetal og behov for barnehageareal.

Birgit Homme Harstad:

1. Kva er situasjonen for veterinærtenesta i Valle kommune i dag, særleg når det gjeld vaktordninga? Etter det eg forstår, deltar fleire veterinærar i ei interkommunal vaktordning i Setesdal, som omfattar Valle, Bykle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland.

2. Når veterinærane har vakt: Er dei då fysisk tilgjengelege i Valle kommune, eller dekker dei vakta frå andre kommunar? Dette har betydning for responstid og dyrevelferd i akutte situasjonar.

3. Korleis vurderer kommunen at dagens ordning sikrar “forsvarleg tilgang til veterinærtenester”, slik lovverket krev? Dyrehelsepersonellova § 3a pålegg kommunane å sørge for tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester og å organisere ei klinisk vakt utanom ordinær arbeidstid. Lova krev ikkje at vakta er fysisk plassert i kvar enkelt kommune, men at ordninga er forsvarleg når det gjeld responstid, avstand og tilgjenge.

Kommunedirektøren:

1. Valle og Bykle kommunar samarbeider om ein veterinær med kontorstad i Valle. Denne sikrar veterinærtenester i ordinær arbeidstid. Utanfor ordinær arbeidstid vert tilbodet sikra gjennom ei interkommunal veterinærvakt. Denne omfattar kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland. Vaktsamarbeidet utgjer vaktdistrikt Setesdal.

2. Kravet til deltakarane i veterinærvakta er at dei skal opphalde seg innanfor vaktdistriktet i vaktperioden. Vaktordninga er i dag firedelt. Dei noverande vaktdeltakarane oppheld seg normalt i høvesvis Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland i vaktperiodane. Valle kommune har tilgjengeleg hybel for vaktdeltakarar som har bustad utanfor distriktet. I periodar med særleg stort behov, i lammesesongen, vert det etablert dobbel vakt. Då oppheld ein veterinær seg i den nordlege delen av distriktet og ein i den sørlege

3. Kommunen vurderer at den etablerte vaktordninga er organisert slik at kravet til forsvarleg tilgang til veterinærtenester vert ivareteke. Ordninga sikrar at det til ei kvar tid er veterinær i beredskap utanom ordinær arbeidstid som kan kontaktast og rykke ut ved behov. Dyreeigarar har ei etablert og kjent ordning for å kome i kontakt med veterinær ved akutte situasjonar. Kommunen er samstundes merksam på at vaktdistriktet geografisk sett er relativt stort, noko som i enkelte tilfelle kan gi lengre reiseavstand for vakthavande veterinær. Samstundes er næringsgrunnlaget for veterinærtenester i området avgrensa, noko som gjer det utfordrande å oppretthalde ein større tettleik av veterinærar i vaktsamarbeidet. Etter kommunen si vurdering er dagens organisering ei realistisk og forsvarleg løysing innanfor dei rammene som ligg i regionen.

Steinar Nomeland:

- I ei lovendring som tredde i kraft 01.01.2025, vart meir mynde overført frå Statsforvaltar til kommune og fylkeskommune. Noko av grunngjevinga for lovendringa er å sikre at plikter og oppgåver til kommune og fylkeskommune kjem gjennom lov og forskrift, og ikkje gjennom rundskriv, delegeringsvedtak, eller tildelingsbrev.

I tillegg hadde lovgjevar som mål om eit større lokaldemokrati, der handlingsrommet for fylke og kommune skulle styrkast, og at statleg detaljstyring tilsvarande skulle reduserast.

For fylke og kommune skal lovendringa medføre eit større ansvar og mynde innan m.a. plansaker, byggesak, landbruk, og naturmangfald.

Kan ordføraren gjeve ei orientering om kva konkrete fylgjer lovendringa vil ha for Valle Kommune i samband med søknader, sakshandsaming og planverk?

Ordførar:

Frå 1. januar 2025 vart det gjennomført endringar i fleire sektorlover med føremål å styrkje det lokale sjølvstyret. Endringane byggjer på oppfølging av Prop. 107 L (2023–2024) og inneber at oppgåver og mynde i større grad er fastsette direkte i lov, framfor gjennom delegasjon frå staten.

For Valle kommune medfører dette følgjande hovudkonsekvensar:

Plansaker (plan- og bygningslova) Kommunen får større ansvar for eigne avvegingar i arealplanlegginga. Statlege styresmakter, inkludert Statsforvaltaren, gjev i mindre grad uformelle føringar i forkant av planprosessar, men har framleis høve til å fremje motsegn etter plan- og bygningslova § 5-4. Konsekvens: Kommuneplanen og arealstrategien vert eit endå viktigare styringsverktøy, og kommunen må i større grad sjølv grunngjeve prioriteringar.

Byggesak (plan- og bygningslova) Kommunen må i større grad tolke regelverket sjølv, særleg i dispensasjonssaker etter § 19-

2. Tidlegare praksis basert på statlege rundskriv og tolkingar får mindre vekt. Konsekvens: Auka krav til einsarta praksis, fagleg skjøn og grundig dokumentasjon i sakshandsaminga.

Landbruk (jordlova og konsesjonslova) Mynde som tidlegare var delegert frå staten, er i større grad lovfesta direkte til kommunen, jf. endringar i jordlova og konsesjonslova. Konsekvens: Kommunen får eit tydelegare sjølvstendig ansvar i saker om deling, konsesjon og driveplikt, og må i større grad stå i eigne vurderingar i konfliktfylte saker.

Natur og miljø (naturmangfaldlova) Kommunen må i større grad sjølv synleggjere vurderingar etter prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8–12, jf. naturmangfaldlova. Konsekvens: Høgare krav til kunnskapsgrunnlag og grunngjeving i vedtak.

Endringane omfattar òg enkelte andre sektorlover, som forureiningslova, friluftslova og motorferdsellova, men for Valle kommune er dei praktiske konsekvensane avgrensa samanlikna med plan, byggesak, landbruk og naturforvaltning.

Samla vurdering Lovendringane skal gjeve Valle kommune større handlingsrom til å forme lokal politikk, men inneber òg større ansvar for faglege vurderingar og skjønsutøving. Dette stiller auka krav til tydelege prioriteringar i planverk, kvalitet og dokumentasjon i sakshandsaminga og einsarta praksis i den administrative sakshandsaminga. Erfaringsgrunnlaget er førebels for spinkelt til å fastslå at intensjonen bak lovendringa er oppfylt.

Malmfrid N. Homme:

I kommunestyremøtet 25.9.24 vart det vedtatt at det skal utarbeidast beitebruksplan i Valle kommune i løpet av 2025/26.

Korleis ligg det an med den planen?

Kommunedirektøren:

Planen er under arbeid. Me er i gong med å engasjere NIBIO til å gjennomføre beitekartlegging som eit kunnskapsgrunnlag for beiteplanen. Dersom NIBIO har kapasitet til å kartlegge beitet i sommar kan planen ferdigstillast i haust.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.