Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Tilbod om kjøp av eigedom med skulebygningar - Hylestad Eigedom AS

Sak 118/2025 · Kommunestyret 10. desember 2025 · Behandlet

Vedtak

Saka vert utsatt. Saka vert lagt fram når faktiske kostnader og rekneskap på gjennomført oppussing/oppgradering er motteke.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 118/2025 den 10.12.2025:

Handsaming:

Hildeborg Homme bad kommunestyret vurdere habiliteten då ho har vore styreleiar i Hylstad eigedom, og fråtrådde møtet.

Hildeorg Homme vart samrøystes funnen ugild og Knut Gunnar Brokke Solli gjekk inn som vara.

Framlegg frå Steinar Nomeland:

Kommunestyret bed kommunedirektøren gå i forhandlingar med Hylestad Eigedom AS om kjøp av eigedomen Hylestad skule. Eventuell framforhandla avtale skal leggjast fram for kommunestyret til endeleg godkjenning.

Kommunestyret bed kommunedirektøren undersøkje om det er andre mogelege interessentar for delar av folkehøgskulen, eksempelvis innan kultur, oppvekst, fritid, og frivillighet, der ein kan kan samkøyre desse interessene i vidare forhandlingar. Kommunedirktøren får mynde til å oppnemne ei arbeidsgruppe.

Det vart gjennomført gruppemøte og kommunedirektøren undersøkte habilitetsspørsmål med KS advokat Erna Larsen.

Før habilitetsrøystinga gjekk Tarald Rike inn som vara for Gunvor Åkre.

Knut Hagen bad kommunestyret vurdere habilteten då han er leiar i generalforsamlinga og valkomiteen i Valle sparebank som er part i saka, og fråtrådde møtet.

Ordførar, Knut Erik Paulsen, Jørgen Solbakk og Ola Aarsland røysta gild. Kim Pedersen, Knut Gunnar Brokke Solli, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid Homme, Tarald Rike, varaordførar røysta ugild.

Gunvor Åkre bad kommunestyret vurdere habilteten då ho er medlem i generalforsamlinga i Valle sparebank som er part i saka, og fråtrådde møtet.

Ordførar, Knut Erik Paulsen, Jørgen Solbakk og Ola Aarsland røysta gild. Kim Pedersen, Knut Gunnar Brokke Solli, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid Homme, Tarald Rike, varaordførar røysta ugild.

Steinar Nomeland bad kommunestyret vurdere habilteten då han er medlem i generalforsamlinga i Valle sparebank som er part i saka, og fråtrådde møtet.

Ordførar, Knut Erik Paulsen, Jørgen Solbakk og Ola Aarsland røysta gild. Kim Pedersen, Knut Gunnar Brokke Solli, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid Homme, Tarald Rike, varaordførar røysta ugild.

Georg Sørmo bad kommunestyret vurdere habilteten då ho er medlem i generalforsamlinga i Valle sparebank som er part i saka, og fråtrådde møtet. Ordførar, Knut Erik Paulsen, Jørgen Solbakk og Ola Aarsland røysta gild. Kim Pedersen, Knut Gunnar Brokke Solli, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid Homme, Tarald Rike, varaordførar røysta ugild.

Kristin Nomeland bad kommunestyret vurdere habilteten då ho er medlem i generalforsamlinga i Valle sparebank som er part i saka, og fråtrådde møtet.

Ordførar, Knut Erik Paulsen, Jørgen Solbakk og Ola Aarsland røysta gild. Kim Pedersen, Knut Gunnar Brokke Solli, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid Homme, Tarald Rike, varaordførar røysta ugild.

Framlegg frå ordførar:

Saka vert utsatt. Saka vert lagt fram når faktiske kostnader og rekneskap på gjennomført oppussing/oppgradering er motteke.

Røysting over utsetjingsframlegget:

Utsetjingsframlegget vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.