Oppfølging av verbalvedtak om byggjeskikk og arkitektur
Vedtak
1. Kommunestyret tek vurderingane til kommunedirektøren til orientering.
2. Arbeidet med byggjeskikk og arkitektur skal følgjast opp gjennom:
o innarbeiding av overordna formuleringar om byggjeskikk og estetikk i samfunnsdelen til ny kommuneplan o revisjon av tilskotsordninga for bustadbygging slik at ho også kan omfatte rådgjeving/arkitektbistand ved nybygg og renovering o revisjon av byggjeskikkrettleiaren med sikte på politisk godkjenning i løpet av 2026
3. Punktet om byggjeskikk i kommunale byggeprosjekt skal takast inn i byggjeskikkrettleiaren, slik at kommunen får felles prinsipp for korleis byggjeskikk vert ivareteken i eigne prosjekt.
4. Kommunestyret sluttar seg til at byggjeskikkprisen vert vidareført med ei årleg ramme på kr 20 000.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 113/2025 den 10.12.2025:
Handsaming:
Alternativt framlegg frå Georg Sørmo på vegne av Høgre og Bygdelista:
1. Kommunestyret tek saka til orientering.
2. Arbeidet med byggjeskikk og arkitektur vert avslutta som eige satsingsområde.
3. Valle kommune skal ikkje vidareføre særskilde tiltak knytt til:
• innarbeiding av overordna formuleringar om byggjeskikk og estetikk i samfunnsdelen til ny kommuneplan
• revisjon av tilskotsordninga for bustadbygging med rådgjeving/arkitektbistand
• revisjon av byggjeskikkrettleiaren
• særskilde prinsipp for kommunale byggeprosjekt
4. Byggjeskikkprisen vert avvikla frå og med 2026.
Alternativ røysting:
Framlegget frå Georg Sørmo fekk 6 røyster frå Rune Ander Andersen, Knut Erik Paulsen, Steinar Nomeland, Knut Hagen, Kristin Nomeland og Georg Sørmo. Innstillinga frå formannskapet fekk 9 røyster frå ordførar, varaordførar, Kim Pedersen, Hildeborg Homme, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid Homme, Gunvor Åkre, Ola Aarsland og Jørgen Solbakk.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.