NINA-rapport 25/96 om villrein og Brokke-Suleskardvegen
Vedtak
Valle kommune tek NINA-rapport 2596 om villrein og Brokke–Suleskarvegen til orientering og har enkelte merknader til den vidare oppfølginga. Kommunen ser det som viktig at tunnel og heilårsveg vert vurdert som eit mogleg tiltak som både kan gjeve samfunnsgevinstar og betre tilhøve for villrein. Samstundes er det knytt stor usikkerheit til kunnskapsgrunnlaget, og ein kan ikkje fastslå verknaden for villrein av dei ulike alternativa utan meir forsking, overvaking og dokumentasjon. Kostnadsnivået er ikkje vurdert i rapporten, og realismen i tunnelløysingane kan difor ikkje fastslåast. Kommunen kan heller ikkje støtte at rapporten vert brukt til å legitimere meir inngripande tiltak utan at konsekvensane er grundig utgreidde. Valle kommune meiner vidare at det vidare arbeidet må inkludere ei meir heilskapleg vurdering av samfunnsverknadene av ein eventuell tunnel og heilårsveg, inkludert effektar på arbeidsmarknad, næringsliv, reiseliv, busetnad og beredskap.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 114/2025 den 10.12.2025:
Handsaming:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.