Interpellasjon frå Steinar Nomeland 29.10.2025 - Kommunestyremøte på kveldstid
Vedtak
Ein bed administrasjonen legge fram sak i februar om evaluering av ordninga der også økonomien er tatt med.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 87/2025 den 29.10.2025:
Svar på interpellasjon frå Steinar Nomeland Representanten syner til vedtak i PS 9/25 om kommunestyremøte på dagtid, og syner vidare til statistikk over antalet vararepresentantar og forfall i kommunestyret sidan prøveordninga byrja. Ordføraren er samd i Steinar Nomeland sine vureringar om det etter måten store fråværet i kommunestyret. Sjølv om dei varamenn og -kvinner som har møtt har skjøtta vervet godt, har det store fråværet i seg sjølv fore skjemmande for kommunestyret som politisk organ. Ordføraren er usikker på om den mest tungtvegande årsaka til fråvær er møtetidspunkt på dagtid. Ein må ta med i vurderinga at fleirtalet i kommunestyret valde å gjere endringa midt i ein pågåande periode, og at dette kan hatt vel så mykje å seie, med tanke på frammøte. Nomeland syner til vedtaket frå PS 9/25, som seier at prøveordninga med kommunestyremøte på dagtid "...skal evaluerast innan mars 2026." Det er altså ingenting i vedtaket som taler mot at prøveordninga kan evaluerast før mars 2026. På bakgrunn av dette har ikkje ordføraren innvendingar mot å realitetshandsame interpellasjonen frå Steinar Nomeland. Ordføraren vil likevel minne om at neste - og siste- kommunestyremøte i 2025 er budsjettmøtet. Dette er eit typisk "særskilt høve" for tidlegare møtstart, jfr. forslag til vedtak i interpellasjonen. I dette møtet skal ein handsame sak om møteplan for 2026, og det kan vere rimeleg å sjå interpellasjonen i samanheng med denne saka.
Ordføraren legg fram følgjande forslag til vedtak:
Ein bed administrasjonen legge fram sak i februar om evaluering av ordninga der også økonomien er tatt med.
Røysting:
Framlegget frå ordførar vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.