Avgrensa høyring - revidert konsesjonssøknad for Molandsmoen koblingsstasjon
Vedtak
Kommunestyret tek endringane i revidert søknad til orientering, men meiner ikkje at desse endrar den samla vurderinga av saka. Kommunestyret syner til høyringssvaret vedteke 24. september 2025 og stiller seg bak dette. På bakgrunn av dei vurderingane som går fram av saksutgreiinga bed kommunestyret om at Valle kommune sitt høyringssvar til NVE vert supplert med desse presiseringane:
• Det må dokumenterast at anlegget har tilstrekkeleg kapasitet til framtidig forbruk slik at nye leidningar ikkje vert naudsynte.
• Det må gjennomførast ei oppdatert vurdering av jordkabel på siste strekk inn mot Brokke kraftverk.
• Avbøtande tiltak for landskap og natur må gjerast til bindande vilkår i eventuell konsesjon.
• NVE må påleggje plan for gradvis reduksjon og sanering av leidninga gjennom Setesdal Austhei villreinområde.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 97/2025 den 29.10.2025:
Handsaming:
Endringsframlegg frå Gunvor Åkre:
Ordlyden skal endrast frå bør til må i kulepunkt 2 og kulepunkt 4.
Endringsframlegget vart samrøystes vedteke. Tilrådinga med endringsframlegg vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.