Høyringsuttale - endring i plan- og bygningslova - forbod mot nedbygging av myr
Vedtak
Valle kommune syner til høyringsbrev datert 02.07.2025 med høyringsfrist 01.11.2025, om høyring om endring i plan- og bygningslova- forbod mot nedbygging av myr og sender følgande innspel:
1. Valle kommune støttar ikkje forslaget om å innføre eit generelt lovfesta forbod mot nedbygging av myr i plan- og bygningslova. Eksisterande verkemiddel i pbl. kapittel 6 (nasjonale forventningar, statlege planretningsliner, innsigelsesinstituttet) er meir treffsikre og føreseielege for å nå måla om redusert nedbygging av karbonrike areal.
2. Dersom det likevel blir vedteke eit forbod, må kommunalt planskjønn ved reguleringsplan ikkje underleggjast skjerpa terskel om “klar interesseovervekt”. Slike planvedtak bør følgje same rettslege standard som elles i pbl., på line med § 1-8 (strandsona).
3. Definisjon og avgrensing av myr må gjerast tydeleg og praktiserbar. Ei eventuell føresegn bør avgrensast til myr med minst 1 meter torvlag, sidan djupe myrer har vesentleg større karbonlager og klimaverdi, samtidig som denne grensa er meir praktisk etterprøvbar med dagens kart- og metodedata. I tillegg må kartgrunnlaget for myr (djupne, type, tilstand) forbetrast og kvalitetssikrast før reglane trer i kraft.
4. Forslaget om midlertidig statleg/regional overføring av dispensasjonsmynde (pbl. § 19-4) for myr bør ikkje gjennomførast. Det vil svekkje kommunalt sjølvstyre utan å vere naudsynt for å ivareta nasjonale mål.
5. Ikkje tilbakeverkande kraft: Eit forbod må ikkje setjast framfor allereie vedtekne reguleringsplanar. Eventuelle endringar bør gjelde framover i tid, medan kommunane held fram med planrevisjon og oppdatering av eldre planar.
6. Ved konkret planlegging skal skadeavgrensing og alternative løysingar vurderast. I landbruks- og skogbrukstiltak bør ein, der det er naudsynt, kunne nytte moderne, klimavennlege metodar (t.d. ved kryssing på overflate) for å minimere inngrep.
7. Valle kommune sluttar seg til og viser til høyringsuttalen frå USS i sin heilskap, og støttar særleg USS sine vurderingar om verkemiddelbruk, kommunalt planskjønn, myrdefinisjon/kartgrunnlag, planvask og motstand mot statleg overføring av dispensasjonsmynde.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 98/2025 den 29.10.2025:
Handsaming:
Protokolltilførsel frå Margit Dale:
Klimaendringar er det største problemet verden står overfor. Høgare gjennomsnittstemperaturer, ekstremvær og svekka økosystemer set livsgrunnlaget vårt på spel og trugar velferd og vekst i framtida. Klimakrise og naturkrisa heng saman. Dette betyr at myrområder er verdens største lager av karbon på land. Å bevare myrene er derfor avgjerande for å fange og lagre karbon fra atmosfæren, samt beholde allerede lagret karbon i myrene. Det er avgjerande for å nå klimamålene at ein ikkje bygger ned myr. Det er viktig både lokalt og globalt.
Nedbygging av myr må begrenses kraftig. Myr er viktig for karbonlagring– Myra fungerer også som en flomdemper i kraftige nedbørsperioder, og som et vannreservoar i tørkeperioder. Det er levestad for tusenvis av planter og dyrearter og myra leverer mange viktige øksosystemtjenester.
Kommunen må vere bevisst det ansvaret de har for å ta vare på myr i sin lokale arealplanlegging.
Innstillinga frå formannskapet vart vedteken mot ei røyst frå Gunvor Åkre.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.