Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Høyringsuttale - Tiltaksplan for villrein

Sak 96/2025 · Kommunestyret 29. oktober 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Tiltaksplanane skal sikre middels kvalitet innan 2050 og god kvalitet innan 2100. Valle kommune meiner at kvalitetsnorma ikkje tek omsyn til lokale og naturgitte forhold, og at enkelte område ikkje realistisk kan nå god kvalitet, til dømes på grunn av store vassmagasin og lavbeite.

2. Kommunen meiner at kvalitetsnorma må forbetrast og tiltak prioriterast og målrettast mot konkrete parameterar for å sikre effekt og unngå unødige inngrep og kostnader.

3. Avgrensinga av «villreinfjellet» omfattar også område utanfor dei definerte villreinområda, noko som gjer rammeverket skjønnsbasert og lite føreseieleg. Dette skaper utfordringar for lokal planlegging og lite føreseieleg for grunneigarar og næringsliv.

4. Lokal forankring og aksept er avgjerande. Tiltak som rammar lokalsamfunnet, næringsliv eller brukarar av utmark, bør vurderast nøye. Kommunen understrekar at lokale erfaringar og kunnskap må leggast til grunn.

5. Det manglar vurderingar av korleis tiltaka påverkar lokal utvikling, næringsliv og sjølvforsyning. Dette burde vore utgreidd før planen vart sendt på høyring.

6. Heiplanen bør vere hovudverktøy for prioritering.

7. Valle kommune ynskjer ikkje å redusere opningstidene til Brokke-Suleskardvegen.

8. Effekt frå motorferdsel må baserast på dokumentert kunnskap om faktisk påverknad på villrein. Det er viktig å skilje mellom ulike typar ferdsel.

9. Ved utbygging i trekkområde kring Bjørnevatn må ordinære planprosessar følgjast, og kommunen føreset at statlege styresmakter dekker eventuelle erstatningsoppgjer.

10. Det skal stillast krav til statleg aktivitet i villreinområdet. Departementet bør krevje at DNT flyttar stiar og løypenett bort frå sårbare villreinområde, og at DNT-hyttene i dei mest sårbare villreinområda vert stengde.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 96/2025 den 29.10.2025:

Handsaming:

Kommunedirektøren er ugild i saka og fråtrådde møtet.

Margit Dale ber kommunestyret vurdere gildskapen då ho har hyttefelt i bjørnevassområde, og fråtrådde møtet. Margit Dale vart samrøystes funnen ugild til å handsame saka.

Tilleggsframlegg frå Gunvor Åkre:

Nytt punkt 10: Det skal stillast krav til statleg aktivitet i villreinområdet. Departementet bør krevje at DNT flyttar stiar og løypenett bort frå sårbare villreinområde, og at DNT-hyttene i dei mest sårbare villreinområda vert stengde.

Røysting:

Tilleggsframlegget frå Gunvor Åkre vart samrøystes vedteke.

Tilrådinga med vedteke tilleggsframlegg vart vedteke mot ei røyst frå Kim Pedersen.

Stemmeforklaring frå Kim Pedersen (AP)

Etter mi vurdering går det tydeleg fram av høyringssvaret at kommunen ikkje tek villreinens situasjon og tilstand tilstrekkeleg på alvor. Eg meiner det er uheldig å vedta eit høyringssvar som i liten grad viser vilje til å imøtekome dei tiltaka som er føreslått.

Eit slikt vedtak sender etter mitt syn eit feil signal om korleis kommunen prioriterer omsynet til villreinen og naturforvaltinga.

På dette grunnlaget stemmer eg mot høyringssvaret.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.