Vidareføring av interkommunalt UNESCO-samarbeid i oppvekst
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 77/2025 den 24.09.2025:
Handsaming:
Tarald Rike bad kommunestyret vurdere gildskapen då han sit i styret for Setesdal spelemannslag, og fråtrådde møtet. Tarald Rike vart samrøystes funnen gild til å handsame saka og tiltrådde møtet.
Leiar kultur og fritid Torunn Charlotte Nyberg orienterte om saka.
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Valle kommunestyre vedtek å vidareføre den interkommunale UNESCO-satsinga i oppvekstsektoren i samarbeid med Bygland og Bykle kommunar, Agder fylkeskommune og Setesdal Spelemannslag.
Kommunen forpliktar seg til å:
1. Bidra til vidare finansiering av prosjektet i budsjett og økonomiplan frå og med 2026.
2. Sikre at opplæring i folkemusikk og dans blir integrert i ordinær drift i barnehage, skule og kulturskule.
3. Oppretthalde Valle kommune si rolle som prosjektleiar og arbeidsgjevar for interkommunal kulturskulestilling.
4. Styrke samarbeidet med frivillige aktørar og sikre lokal forankring av UNESCO-statusen. Kommunestyret bed administrasjonen v/kulturarvkoordinatorane i dei tre kommunane om å utarbeide samarbeidsavtale med partane og legge fram sak om vidare organisering og budsjett/finansiering i løpet av første tertial 2026.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.