Svar på høyring - heilskapleg omstilling og effektivisering av tannhelsetenesta i Agder
Vedtak
Valle kommune sluttar seg ikkje til framlegget til ny tannklinikkstruktur i Agder slik det er skissert i høyringsdokumentet "Helhetlig omstilling og effektivisering av tannhelsetjenesten i Agder".
Valle kommune meiner:
• At dagens organisering av klinikkane i Valle og Bykle gjev eit fagleg forsvarleg og nært tilbod som bør vidareførast.
• At ei framtidig organisering må sikre reell geografisk likeverd i tilgangen til tenester.
• At dei tilrådde endringane i struktur og opningstid vil føre til svekking av pasienttryggleik og tenestenivå for innbyggjarane, særleg born, eldre og andre sårbare grupper som ikkje har tilgang til bil eller som er avhengige av offentleg transport.
• At framlegg til endringar vil svekkje beredskapen for innbyggjarane og tilreisande i Setesdal nord.
Høyringssvaret frå Valle kommune er konkretisert ytterlegare i saksutgreiinga.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 69/2025 den 25.06.2025:
Handsaming:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.