Klage på avslag om dispensasjon frå bandtvang
Vedtak
Brokke Aktivitet får ikkje medhald i klage sett fram 05.07.2024.
Valle kommune sitt vedtak i plan og miljøutvalet 02.07.2024, sak 67/24 vert ståande.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 45/2025 den 28.05.2025:
Handsaming:
Georg Sørmo bad kommunestyret vurdere gildskapen då han leiger ut terreng til klagar og får godtgjering for dette. Georg Sørmo fråtrådde møtet. Georg Sørmo vart samrøystes funnen ugild.
Svenn Magne Brokke bad kommunestyret vurdere gildskapen då han er medeigar i Brokke Aktivitet AS Svenn Magne Brokke fråtrådde møtet. Svenn Magne Brokke vart samrøystes funnen ugild.
Steinar Nomeland bad kommunestyret vurdere gildskapen då han er dagleg leiar i Brokke vatn og avlaup AS. Steinar Nomeland fråtrådde møtet. Steinar Nomeland vart funnen gild mot ei røyst frå Gunvår Åkre. Steinar Nomeland tiltrådde møtet.
Innstillinga frå plan og miljøutvalet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.