Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Utbygging av næringsareal og næringsbygg i kommunal regi

Sak 21/2025 · Kommunestyret 26. mars 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Prosjektering av næringsareal på Øyne vert lagt ut på anbod til ein estimert kostnad på kr 200 000. Leveransen skal vere klar i god tid før budsjettforhandlingane, og seinast innan 01. september 2025. Økonomisk ramme til opparbeiding av næringsarealet vert lagt fram i budsjett for 2026, når kostnadar til prosjektet er vurdert.

2. Administrasjonen arbeidar vidare med mogleg kjøp av eksisterande, privat næringsareal i eller ved Rysstad industriområde. Pris eller andre element som kan vere ein del av ei forhandling bør kome fram. Aktuelle avtalar må leggast fram for politisk avklaring.

3. Administrasjonen arbeidar vidare med å finne moglege løysingar for etablering av nytt industribygg og lager for å legge til rette for nye etableringar eller vidare utvikling av eksisterande verksemder. Både bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske drøftingar bør leggast til grunn i eit slikt arbeid.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 21/2025 den 26.03.2025:

Handsaming:

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.