Førespurnader 0
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 108/2025 den 10.12.2025:
Varaordførar:
Kva er status for plan og strategi for turløyper i Valle kommune? Fleire av dei eksisterande turløypene vert marknadsførte, merkte og lagt ut i papirmateriell. Kva er den overordna planen og strategien for turløyper i kommunen?
1. Kven har ansvar for merking, vedlikehald og marknadsføring av desse løypene?
2. Kven har ansvar for å fjerne merking, vedlikehald og marknadsføring av desse løypene som grunneigarane ikkje ønskjer løyper på sin eigedom.
3. Korleis vert dette arbeidet gjennomført når aktuelle grunneigarar ikkje ønskjer at turløyper på deira eigedom skal vere opne eller marknadsførte?
4. Kva rutinar har kommunen for dialog med grunneigarar i slike saker, og korleis vert eventuelle motsegner handterte?
Kommunedirektøren:
Det er gjeldande kommuneplan som inneheld plan og strategi for turløyper i Valle kommune. Formuleringa under friluftsliv og aktivitet i samfunnsdelen lyder: - legge til rette for fleire heilårs turløyper og -stiar, særleg nær sentra/bustadfelt, og ulike formar for aktivitetar knytt til desse.
Sti- og løypeplanen er vedteken som del av arealdelen i kommuneplanen. Planen inneheld ein kartdel med eksisterande løyper og forslag til nye løyper. I hovudsak er dei nye løypene konsentrert tre stader, det er i Bjørnevassområdet, Valle sentrum og Brokke. Temaet vert del av arbeidet med ny kommuneplan.
Svar på dei konkrete spørsmåla:
1. Valle kommune har ansvaret for merking og vedlikehald av tre nærløyper. Marknadsføring av løyper skjer gjennom Visit Setesdal. Andre kanalar har me ikkje kontroll på, det er den som er ansvarleg for kanalen som må gjere dette når me eller andre gjer dei merksame på dette.
2. I utgangspunktet er det den som har utført merking som er ansvarleg for fjerning. Kommunen tek dette der det er aktuelt.
3. Kommunen og grunneigarane har dialog om oppfølginga når det ikkje lenger er samtykke frå alle langs ei turløype, og tek i slike tilfelle typisk vekk skilting og marknadsføring.
4. Kommunen har hatt møte med grunneigarane, seinast i vår. Når det ikkje er samtykke frå samtlege grunneigarar, vert ein einig om korleis dette skal fylgjast opp vidare. Me planlegg ein gjennomgang på dette før neste sommarsesong.
Varaordførar:
Varmmat på skulen, kva er status? Der er eit vedtak som seier ein skulle sjå dette i samband med nytt kulturhus. Kommunedirektøren:
Me planlegg å leggje fram ei sak om dette i løpet av fyrste kvartal neste år.
Steinar Nomeland:
1. Kva var grunnen til at planutvalsleiar ikkje ville ha fagleg hjelp og råd i ei komplisera plansak, sjølv etter sterk oppmoding frå planfagleg sakshandsamar, og settekomunedirektør?
2. Har planutvalsleiar halde tilbake viktige saksopplysningar for planutvalet?
3. Har planutvalget gjort eit ulovleg vedtak?
4. Kva skjer i saka no?
Brev frå Bykle kommune av 24.11.2025 vert protokollera saman med førespurnaden. Sjå RS 72/25 i møte 10.12.2025.
Svar frå ordførar:
1. Utvalsleiar er suveren til å sjå behov for om sakshandsamar skal vere til stades på møte.
2. Eg har ingen grunn til å tru det.
3. Eg har ingen grunn til å tru det.
4. Utvalet har gjort eit vedtak som skal følgjast opp. Bykle kommune har sagt frå seg oppdraget vidare i saka. Ordførar har førespurt Åseral som settekommune, dei vurderte at dei ikkje har kapasitet. Evje og Hornnes er førespurt og vi har førebels ikkje fått tilbakemelding frå dei.
Førespurnad frå varaordførar:
Kva har skjedd i denne saka?
Ordførar:
Kan ikkje svare på dette på noverande tidspunkt. Ein ber om ei orientering av denne saka på eit sinare tidspunkt. Ordførar ber om mynde til å vurdere tid, stad og omfang av orienteringa.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.