Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Førespurnader

Sak 89/2025 · Kommunestyret 29. oktober 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 89/2025 den 29.10.2025:

Rune André Andersen:

Kva er status med gamle tannlegebustaden som vart brannskadd?

Kommunedirektør:

Oppfølginga av saka skjer i tråd med kommunestyrevedtaket frå tidlegare i år. Forsikringsselskapet har likevel ikkje godkjend at bustaden kan seljast som del av forsikringsoppgjeret. Me arbeider difor med alternative løysingar for å oppfylle intensjonen i vedtaket. Dersom dette ikkje let seg gjennomføre, vert saka lagt fram for kommunestyret på nytt.

Margit Dale:

Finnast det ein skiltplan for Valle kommune? Er det mogleg å starte arbeidet med ein slik plan?

Kommunedirektøren:

Pr. i dag har me ikkje ein eigen skiltplan for kommunale område. Skilting skjer etter konkrete vurderingar på det aktuelle området. På Honnevje vart det laga eiga sak til politisk handsaming som grunnlag for skiltinga.

Gunvor Åkre:

Korleis forheld kommunen seg til grunneigarar som ynskjer å trekke ut område frå kommunedelplan i Brokke.

Kommunedirektør:

Innspela frå grunneigarane vert handsama som del av kommunedelplanprosessen. No er arbeidet retta mot å utarbeide ei sak om planrevisjon, der ein skal avklare kva for gjeldande planar som skal reviderast. Denne saka kjem til politisk handsaming i november. I det vidare arbeidet med sjølve planforslaget vil innspela frå grunneigarane verte vurderte. Formannskapet er styringsgruppe for planprosessen og tek endeleg stilling til desse.

Gunvor Åkre:

Etterlyser svar på tidlegare spørsmål om turløyper og kven som har ansvar for skilting og merking.

Kommunedirektør:

Spørsmåla vart òg tekne opp i siste møte i levekårutvalet, der det vart signalisert at det vert gjeve ei orientering om turløypene i neste møte. Det er difor ikkje førebudd noko eige svar til kommunestyremøtet. Kort fortalt har kommunen ansvar for vedlikehald av tre løyper i nærleiken av sentrumsområda i Valle og på Rysstad. På grunn av manglande samtykke frå enkelte grunneigarar langs nokre av dei andre, merka turløypene, har kommunen teke ned skilting og fjerna marknadsføringsmateriell i eigne kanalar

Gunvor Åkre:

Kvar finn eg ordførar og varaordførar sin kalender ute på nettsida?

Ordførar:

Saka er under arbeid, men det har oppstått utfordringar fordi ordføraren har to brukarkontoar. IKT Agder jobbar med å finne ei løysing som gjer det mogleg å synkronisere kalenderane. Så snart dette er på plass, vil kalender bli publisert på heimesida.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.