Førespurnader
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 53/2025 den 25.06.2025:
Kim Pedersen:
Kan ordføraren sørgje for at kommunen gir beskjed til Statens vegvesen om at vi som kommune ønskjer vidareføring av gang- og sykkelveg frå Sylvartun til Marhyl, evt at dette vert lagd inn som prioritera tiltak i trafikksikkerhetsplanen?
Kommunedirektør:
Tiltaket ligg inne i trafikksikringsplanen. Det er oppretta dialog med Statens vegvesen om moglegheiter for å realisere dette prosjektet.
Gunvor Åkre:
Skal kommunen ha ei tydeleg skilting til bubilar ved parkeringa på Myri bak Esso?
Eg skjøner at kommunedirketøren er redd for å verke fiendtleg mot turistar. Men når kommunen etablerer parkeringsplassar rett ved fleire bustadar, må ein faktisk ha i mente at det bur folk der. Bubilar klarer ikkje allstøtt å hugse 150-metersregelen. Der ein som privatperson kan stoppe folk frå å parkere rett utom stogedynna si med eigne skilt, er det det minste ein kan vente av ein venlegsinna kommune, at ein tek ansvar og gjer det same for innbyggjarane sine som lever liva sine rett ved ein kommunal parkeringsplass.
Kommunedirektøren:
Me vurderer behovet for skilting fleire stader inkludert offentlege parkeringsplassar i sentrumsområda og parkeringsplassane i tilknytning til bårehusa. Kommunen kan berre skilte på eigne areal.
Gunvor Åkre:
Valle kommune gjekk i vår ut og sa at dei ikkje lenger skulle reklamere aktivt for turstiar som grunneigarar ikkje ynskte å ha merkte over sin grunn. Korleis har det seg då at Visit Setesdal framleis legg ut desse utskrivne karta på til dømes Turistinformsajonen i Valle? Visit Setesdal er ikkje eit einerådande vesen, men eigd av mellom anna Valle kommune. Og fekk grunneigarane informasjon om korleis ein skal merkje utmarksløp som Skyrace? Om det er med blåmåling eller merke som vert fjerna etter løpet er ferdig?
Kommunedirektøren:
Detaljane i dette kjenner eg ikkje til og må difor kome tilbake til dette.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.