Førespurnader
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 42/2025 den 28.05.2025:
Kim Pedersen:
1. Eg får mange tilbakemeldingar frå frustrerte innbyggjarar over at dei må heilt til Hovden for å få hjelp på legevakta, og det har eg stor forståing for.
-Er dette noko vi kan få endra, slik at innbyggjarane våre får betre tilgang til legevakt, til dømes i Valle?
Kommunedirektøren:
1. Valle og Bykle deler legevaktsordninga mellom Hovden og Valle, og pasientane vert samla på den legevakta legen har vakt på for å sikre forsvarleg beredskap. Eit eige legevakttilbod i Valle heile året ville medføre høg kostnad og krav om fleire legar. Erfaring frå vinteren 2025 viser at delt vakt mellom Valle og Hovden fungerer godt, og dette vert vidareført vinteren 2026. Sommarberedskapen vert samla i Bykle for å sikre forsvarleg drift under ferieavviklinga.
2. Ein er kjend me at det er lyst ut ei ny stilling som prosjektansvarleg i teknisk avdeling med bakgrunn i naturleg avgang. Kommunen har etter min vurdering relativt høge kostnader til administrasjon.
-Spørsmåla er om det er gjort nøye vurderingar om å bruke eigne interne ressursar gjennom opplæring, slik at det vert reduksjon i kostnader?
-Og er det vurdert samarbeid på tvers av kommunene til stillinga?
Kommunedirektøren:
2. Stilling som prosjektansvarleg i teknisk avdeling er lyst ut grunna naturleg avgang. Det har vore vurdert om oppgåvene kunne løysast internt eller gjennom samarbeid, men konklusjonen er at det er naudsynt å tilsette. Hovudgrunnane er auka krav til beredskap, behov for sterkare prosjektkompetanse og styrking av ingeniørfagleg kapasitet. Interkommunalt samarbeid skal vurderast vidare, men krev ei meir heilskapleg tilnærming før nye løysingar blir innført. Tilsettinga er viktig for å sikre kommunen nødvendig kompetanse framover
Steinar Nomeland:
1. Mange norske kommunar vil innan få år måtte bygge om, eller bygge nye reinseanlegg for å tilfredsstille gjeldande og nye utsleppskrav. Valle kommune har fleire reinseanlegg, og må kanskje investere store summar for å tilfredsstille reinsekrava.
1. Kva er statusen på reinseanlegga til Valle kommune opp imot gjeldande og komande utsleppskrav?
2. Har Statsforvaltaren utført tilsyn med internkontrollsystem for reinseanlegga i kommunen, og ko tid vart siste tilsyn utført?
3. Kjem administrasjonen til å ta omsyn til mogelege store investeringar i reinseanlegg i samband med framlegginga av forslag til budsjett og økonomiplan?
Kommunedirektøren:
1. Valle og Rysstad renseanlegg har oppdaterte utsleppsløyve frå 2017 og tilfredsstiller dagens krav. Begge ligg under kap. 13 (under 2000 pe) og har under 1000 pe tilknytt, og er difor ikkje omfatta av dei nye krava. Framtidige krav gjeld anlegg over 1000 pe.
2. Kommunen er sjølv tilsynsmyndigheit overfor eigne anlegg sidan dei er kap. 13-anlegg. Det er ikkje ført tilsyn på desse anlegga. Satsforvaltaren skal føre tilsyn med kommunen som forureiningsmyndigheit, men eg er ikkje kjend med at dei har hatt tilsyn i seinare tid.
3. VA-planen ligg til grunn for prioriterinar i budsjettet framover. I og med at kommunen sine anlegg truleg ikkje vert påverka av dei nye reinsekrava er det ikkje lagt opp til større investeringar i VA-planen. Når strategien for spreidd avlaup er klar vil me måtte ta stilling til investeringar knytt til kommunale bustader og tilhøyrande avlaupsanlegg.
2. Innføring av kommunestyremøte som dagmøte inneber auka kostnader for Valle kommune. I tillegg til direkte kostnader med møtegodtgjersle, kjem kostnadane med tapte kommunale dagsverk, erstatning for desse, og krav om tapt arbeidsforteneste. Kan ordførar / administrasjon kome med ei økonomisk oversikt fram til evalueringa av prøveperioden, som syner direkte og indirekte meirkostnader med kommunestyre på dagtid?
Ordførar:
Ja
Knut Hagen:
1. Kva tankar har ordføraren om at styret i Aust Agder museum og arkiv IKS og Setesdalsmuseet eigedom IKS avviser samarbeid om bygging av stavkyrkje på Bjugsbakk? Kjem Valle kommune til å gjere noko gjeldande dette.
Ordførar:
Styra har handla ut frå det mandat dei har hatt frå representantskapet. Valle kommune er på banen som ein samarbeidspart.
2. Korleis skal næringslivet bli høyrt i innbyggjarundersøkning om hyttebygging Brokke.
Ordførar:
Denne undersøkinga omhandler ikkje næringslivet, berre innbyggjarane.
Gunvor Åkre:
Evaluering av kommunestyremøte - vil ein vurdere det opp mot kva resten av landet gjere i høve kostnadane og praksis?
Ordførar:
Ja, det er naturleg med ein heilskapleg evaluering.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.