Vurdering av planinitiativ til detaljregulering for Kvisle massetak
Vedtak
Kommunestyret godkjenner at det vert arbeid vidare med detaljreguleringsplan for Kvisle massetak i Valle kommune, og at det vert gjennomført oppstartsmøte mellom forslagsstillar og Valle kommune.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 124/2024 den 27.11.2024:
Handsaming:
Knut Hagen bad kommunestyret vurdere gildskapen då han har leiande stilling i Nomeland Anlegg som har mange oppdrag i Brokkeområdet og økonomiske interesser i eit massetak. Knut Hagen fråtrådde møtet.
Niklos Berg ber kommunestyret vurdere gildskapen då han brøyter i Brokkeområdet og kan ha økonomiske interesser. Niklos Berg fråtrådde møtet.
Knut Hagen vart funnen ugild mot 6 røyster frå Georg Sørmo, Knut Olav Tveiten, Frøydis Junge, Birgit K. Homme Harstad, Jørgen Solbakk og Kristin Nomeland.
Niklos Berg vart funnen gild mot ei røyst frå Kim Pedersen.
Marianne Rysstad trådde inn som varamedlem for Knut Hagen.
Alternativt framlegg frå Kim Pedersen:
Kommunestyret godkjenner ikkje vidare arbeid med detaljreguleringsplan for Kvisle massetak. Planforslaget er ikkje er i tråd med arealføremålet i gjeldande plan. Forslagsstiller kan nytte høve til å kome med forslaget i utarbeidelsen av kommunedelplan Brokke.
Alternativ røysting:
Framlegget frå Kim Pedersen fekk 6 røyster Kim Pedersen, Kjell Ove Tveiten, Malmfrid N. Homme, Hildeborg Homme, Gunvor Åkre og Margit Dale. Innstillinga frå plan og miljøutvalet fekk 9 røyster frå Lars Tarald Myrum, Georg Sørmo, Knut Olav Tveiten, Frøydis Junge, Birgit K. Homme Harstad, Jørgen Solbakk, Marianne Harstad, Kristin Nomeland og Niklos Berg.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.