Budsjett 2025 og handlings- og økonomiplan 2025-2028
Vedtak
1. Ein økonomiplan i balanse med dei inntekter og utgifter som går fram av bevilgningsoversikt § 5-6 – drift i budsjett 2025 og handlings- og økonomiplan 2025- 2028.
2. Rammar fordelt til dei ulike tenesteområda slik det går fram av bevilgningsoversikt § 5- 4 Sum bevilgningsoversikt – drift, netto.
3. Investeringar i tråd med skjema § 5-5 Bevilgningsoversikt – investeringar.
4. Låneopptak i tråd med skjema § 5-5 Bevilgningsoversikt – investering, på inntil 83,240 mill. kroner, jf kommunelova § 14-15, med avdragstid på 30 år.
5. Lån til utlån gjennom Husbanken si ordning for formidlingslån med 2,0 mill. kroner, avdragstid på inntil 30 år.
6. Endring i gebyr- og betalingssatsar slik det går fram av budsjettdokumentet som fylgjer som vedlegg.
7. Ved utskriving av formuesskatt og inntektsskatt – skattøre – for personlege skattytarar og andre skattytarar skal det for 2025 nyttast maksimal skattesats slik desse vert fastsette av Stortinget.
8. Eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 c på kraftverk mm vert skrive ut innafor kommunen sine grenser. Skattesatsen i høve § 13 på 7 promille av takstverde vert nytta. Det skal nyttast maksimale satsar. Eigedomsskatten er delt i fire terminar, jf § 25, med forfall 1. april, 1. juni, 1. august og 1. oktober i budsjettåret. I tillegg til formannskapet si innstilling vart desse endringane vedtekne:
• For å dekke auka utgifter til kyrkjekontoret og sikre vidare leige av gymsalen ved Setesdal Folkehøgskole. Finansiering: 150 000,- frå avsett tilskot til vedomn og varmepumpe 2025 og 250 000,- avsett til helsefremjande oppvekst. I tillegg reforhandlar Valle kommune avtalen med FHS om gymsalen i løpet av 2025.
• Auke ramma for det kommunale landbrukstilskotet: 400 000 kr. Finansiering:
disposisjonsfond
• Videreføre noverande ordning feiegebyr (ingen betaler for meir enn to pipeløp): 300 000 kr. Finansiering: disposisjonsfond
• Vidareføre gratis barnehage til og med 2027. Evaluere ordninga i 2026.
• Oppussing av kontor regionråd: - 250 000 kr (drift)
• Ombygging leilegheit internat: - 2 000 000 kr (Settes på fond øyremerka kjøp eller bygging av kommunale bustader)
• Forarbeid søppelanlegg Furestøyl: - 500 000 kr (utsetjast til 2027)
• Kutte 0,3 % av driftskostnadane på kvart ansvar innanfor det totale driftsbudsjett på 173 215 000 kr frå 2026. Innsparing drift vert avsett til disposisjonsfond.
• Prosjekt helsefremmende oppvekst: - 250 000 kr. Innsparing drift vert avsett til disposisjonsfond.
• Gang og sykkelveg Valle Barnehage utføres i 2025 med kostnad 2.mill. Finansiering
med følgjande endringar av tiltak: Avfallsanlegg Furustøyl kr 500.000 (vert utsett til 2026-2027). Tømestasjon bubil Rysstad kr 600.000 (vert utsett til 2026) Oppgradering Regionråd kr 205.000 (Rest 295.000kr nyttast i 2025) Blodprøveapparat veterinær kr 250.000 (vert utsett til 2026) Nye Cellekontor Velkomst kr 445.000 (vert utsett til 2026) Resterande frå disposisjonsfond.
• Kommunestyre vedtek at leiligheit Valle internat kr 2.000.000 vert teken ut av økonomiplanen. Midlane vert omdisponerte til firemannsbustaden i Leite sør.
• Omdisponere 5 millionar kroner avsette til bustadtiltak i 2028 til finansiering av firemannsbustaden i Leite sør i 2025. Tilsvarande omdisponering på 2 millionar kroner avsette til bustadtiltak i 2027 til finansiering av firemannsbustad i Leite sør.
• Valle kommune bestillar ein forskningsbasert rapport frå eit uavhengig forskningsmiljø om fordeler og ulemper med hyttebygging i Valle kommune. Rapporten skal drøfte positive og negative økonomiske konsekvensar for kommunen og næringslivet, positive og negative konsekvensar for kommunale tenester og infrastruktur, samt positive og negative konsekvensar for levekår, natur, miljø, landbruk og utmarksforvaltning. Innbyggjarane sine synspunkt skal innhentas gjennom spørjeundersøking. Formannskapet er bestillar av forskningsrapporten og styringsgruppe for arbeidet. Det vert sett av 200 000 kr til arbeidet. Finansiering:
disposisjonsfond
• I arbeidet med Budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029, ynskjer kommunestyret at politisk nivå vert involverte på eit tidlegare tidspunkt i budsjettarbeidet. Ein vonar med dette å leggje til rette for gode drøftingar, tydelege politiske signal, og ein føreseieleg prosess.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 134/2024 den 27.11.2024:
Handsaming:
Framlegg frå Frøydis Junge på vegne av Bygdelista og Høgre:
• Justert framlegg; For å dekke auka utgifter til kyrkjekontoret og sikre vidare leige av gymsalen ved Setesdal Folkehøgskole. Finansiering: 150 000,- frå avsett tilskot til vedomn og varmepumpe 2025 og 250 000,- avsett til helsefremjande oppvekst.
I tillegg reforhandlar Valle kommune avtalen med FHS om gymsalen i løpet av 2025.
Røysting: Samrøystes.
• Innsparte midlar i samband med redusert utgift til modular i Framsikt, vert nytta til innkjøp at 2 stk winther barnebussar til barnehagane I 2025.
Røysting: H/BL røysta for 7 og AP/SP i mot 8.
• Innsparing på betaling av modular i Framsikt, vert nytta til å kjøpe inn LawAI i 2026.
Røysting:H/BL røysta for 7 og AP/SP i mot 8.
Framlegg frå Margit Dale på vegne av AP og SP
Nye tiltak drift:
Auke ramma for det kommunale landbrukstilskotet: 400 000 kr Finansiering: disposisjonsfond
Røysting: Samrøystes.
• Videreføre noverande ordning feiegebyr (ingen betaler for meir enn to pipeløp): 300 000 kr
Finansiering: disposisjonsfond
Røysting: AP/SP for 8 og H/BL imot 7
Økonomiplan:
• Vidareføre gratis barnehage til og med 2027. Evaluere ordninga i 2026.
Røysting:
Lars Tarald, Margit Dale, Gunvor Åkre, Niklos Berg, Malmfrid N. Homme, Kjell Ove Tveiten, Hildeborg Homme, Kim Pedersen og Knut Olav Tveiten røysta for. (9)
Georg Sørmo, Frøydis Junge, Birgit K. Homme Harstad, Jørgen Solbakk, Knut Hagen og Kristin Nomeland røysta i mot. (6) Innsparing investering:
• Oppussing av kontor regionråd: - 250 000 kr
Røysting: Samrøystes
• Ombygging leilegheit internat: - 2 000 000 kr (Settes på fond øyremerka kjøp eller bygging av kommunale bustader)
Røysting: Samrøystes
• Forarbeid søppelanlegg Furestøyl: - 500 000 kr (utsetjast til 2027)
Røysting: Samrøystes
Innsparing drift:
• Kutte 0,3 % av driftskostnadane på kvart ansvar innanfor det totale driftsbudsjett på 173 215 000 kr frå 2026. Innsparing drift vert avsett til disposisjonsfond.
Røysting:
Lars Tarald, Margit Dale, Gunvor Åkre, Niklos Berg, Malmfrid N. Homme, Kjell Ove Tveiten, Hildeborg Homme, Kim Pedersen og Birgit K. Homme Harstad røysta for. (9)
Georg Sørmo, Frøydis Junge, Knut Olav Tveiten, Jørgen Solbakk, Knut Hagen og Kristin Nomeland røysta i mot. (6)
• Prosjekt helsefremmende oppvekst: - 250 000 kr. Innsparing drift vert avsett til disposisjonsfond.
Røysting: Samrøystes.
Framlegg frå Kim Pedersen:
Endring i investeringer
• Gang og sykkelveg Valle Barnehage utføres i 2025 med kostnad 2.mill.
Finansiering med følgjande endringar av tiltak:
Avfallsanlegg Furustøyl kr 500.000 (vert utsett til 2026-2027)
Tømestasjon bubil Rysstad kr 600.000 (vert utsett til 2026)
Oppgradering Regionråd kr 205.000 (Rest 295.000kr nyttast i 2025)
Blodprøveapparat veterinær kr 250.000 (vert utsett til 2026)
Nye Cellekontor Velkomst kr 445.000 (vert utsett til 2026) Resterande frå disposisjonsfond.
Røysting: Samrøystes. Kommunestyre vedtek at leiligheit Valle internat kr 2.000.000 vert teken ut av økonomiplanen. Midlane vert omdisponerte til firemannsbustaden i Leite sør.
Røysting: Samrøystes
Framlegg frå ordførar:
Omdisponere 5 millionar kroner avsette til bustadtiltak i 2028 til finansiering av firemannsbustaden i Leite sør i 2025. Tilsvarande omdisponering på 2 millionar kroner avsette til bustadtiltak i 2027 til finansiering av firemannsbustad i Leite sør.
Røysting: Samrøystes
Framlegg frå Margit Dale:
Valle kommune bestillar ein forskningsbasert rapport frå eit uavhengig forskningsmiljø om fordeler og ulemper med hyttebygging i Valle kommune. Rapporten skal drøfte positive og negative økonomiske konsekvensar for kommunen og næringslivet, positive og negative konsekvensar for kommunale tenester og infrastruktur, samt positive og negative konsekvensar for levekår, natur, miljø, landbruk og utmarksforvaltning. Innbyggjarane sine synspunkt skal innhentas gjennom spørjeundersøking.
Formannskapet er bestillar av forskningsrapporten og styringsgruppe for arbeidet.
Det vert sett av 200 000 kr til arbeidet.
Finansiering: disposisjonsfond
Røysting: SP/AP for 8 og Høgre/BL i mot 7
Verbalframlegg frå ordførar:
I arbeidet med Budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029, ynskjer kommunestyret at politisk nivå vert involverte på eit tidlegare tidspunkt i budsjettarbeidet. Ein vonar med dette å leggje til rette for gode drøftingar, tydelege politiske signal, og ein føreseieleg prosess.
Røysting: Samrøystes.
Alternativ røysting.
Innstillinga frå formannskapet, med vedtekne tillegg, vart sett opp mot formannskapet si innstilling, og vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.