Godkjenning av anbod - firemannsbustad i Leite sør
Vedtak
Saka vert utsett til neste møte.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 115/2024 den 30.10.2024:
Handsaming:
Knut Hagen bad kommunestyret vurdere hans gildskap då han har leiande stilling i firma som har gjeve inn pris. Knut Hagen fråtrådde, og vart samrøystes funne ugild til å handsame saka.
Alternativt framlegg frå Steinar Nomeland på vegne av Høgre/Bygdelista. På grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen og dei innkomne anboda som er anslagsvis 33% høgare enn budsjettert, vert det føreslått at prosjektet i Leite Sør vert stoppa. Forslag til vedtak: Prosjektet i Leite Sør vert stoppa, og kommunen vurderer i staden prosjektet «Leige før eige», knytt opp til eitt eller fleire av følgjande alternativ:
Alternativ 1: Brannskadd hus i Åkreneset (Nordibøvegen 28) vert rive og bygd opp som 2-4 frittståande einingar på same tomt. Alternativ 2: Vurdere kjøp av leilegheiter i prosjekt «Setesdalstunet» frå to (2) til fire (4). Alternativ 3: Sjå på ei løysing med å kombinere alternativ 1 og alternativ 2. Til saman kan dette gje mellom 6-8 utleigeeiningar i kommunen. Administrasjonen opprettar ei gruppe som ser på desse alternativa, med mål om at dette vert sett i gong våren 2025.
Framlegg frå Malmfrid N. Homme:
Saka vert utsett til neste møte.
Utsettelsesframlegget vart samrøystes vedteke. Det vart ikkje røysta over det alternative framlegget.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.