Innspel til arbeidet med å vurdere organiseringa av driftssentralane i Å Energi AS
Vedtak
Kommunestyret syner til arbeidet som er sett i gong med å vurdere organiseringa av driftssentralane i Å Energi. Som vertskommune for sentrale kraftanlegg og eigarkommune i selskapet vil me understreke viktigheita av denne saka for regionen vår, og peike på ein del moment me meiner er sentrale i vurderinga som no skal gjerast:
Kompetansen på styring av reguleringsmagasin og vassdrag med høg reguleringsevne er bygd opp på Brokke driftssentral gjennom snart 60 år. Knapt noko anna område har tilsvarande magasinkapasitet og reguleringsevne som øvre del av Otra-vassdraget, og få andre kompetansemiljø kan difor skilte med tilsvarande erfaring. I ei framtid der mykje av den nye fornybare krafta ser ut til å vere uregulert og veravhengig, vil verdien av magasinkapasiteten og reguleringsevna, og dermed kompetansemiljøet på driftssentralen, truleg berre auke. Planane om å etablere pumpekraftverk i øvre Setesdal berre understrekar dette poenget.
Nærleiken Brokke driftssentral har til dei største kraftanlegga i Å Energi er eit vesentleg moment når den framtidige organiseringa av kompetansemiljøet skal avgjerast. Kunnskapen tilsette har om lokale tilhøve, og det tette samarbeidet driftssentralen har med drifts- og vedlikehaldsmiljøet, er viktig for å auke verdiskapinga og sikre ei sikker og forsvarleg drift av anlegga.
Driftssentralen på Brokke har kompetente medarbeidarar og høg grad av kontinuitet i arbeidsstokken. Den digitale infrastrukturen me har i dag gjer det mogleg å integrere driftssentralen med andre kompetansemiljø i konsernet, utan at miljøa treng å vere fysisk samlokaliserte. Dei siste åra er det rekruttert medarbeidarar med mastergrad til kompetansemiljøet. Fleire av desse er setesdølar som tek ingeniørutdanning og flyttar tilbake til heimstaden. Kompetansearbeidsplassane på driftssentralen gjev difor ringverknader i heile regionen.
Vertskommunane i Setesdal er opptekne av å oppretthalde eit godt samarbeid med Å Energi framover. I ei tid der alt tyder på at me treng meir fornybar kraft, kan dette samarbeidet bidra til miljøgevinstar og økonomisk verdiskaping. Me ynskjer å vere positive til å vurdere moglegheitene for å realisere nye utbyggingsplanar, men til grunn for slike planar må det liggje føresetnader som gjer at nytteverdien for lokalsamfunnet er tilstrekkeleg høg. Tryggleiken for eksisterande arbeidsplassar, og utsikter til etablering av nye, er ein av fleire slike sentrale føresetnader.
Kommunestyret vil understreke fylgjande:
Fusjonsdokumenta inneheld ikkje noko konkret om driftssentralen på Brokke.
Den største produksjonen ligg i gamle Agder Energi-området og det er derfor naturlig å vidareføre sentralen på Brokke. Ein kan ikkje sjå at det er rasjonelle argument for endring, nedskalering eller flytting av driftssentralen. Å Energi burde heller søkje effektivisering og innsparing på andre områder.
Valle kommune ynskjer ei orientering frå Å Energi i kommunestyret som svarar på fylgjande :
- Har fusjonen gitt den effekten og dei resultata ein ynskjer?
- Kva er målsettinga for verksemda framover jf. dei behov som låg til grunn for fusjonen?
- Korleis ligg det an med lønsnivå og nye tilsettingar etter fusjonen?
- Er det oppretta fleire stillingar i form av ulike støttefunksjonar?
- Kjerneverksemda til Å Energi er nett og vasskraft. Kor mykje er investert i verksemder og prosjekt som ligg utanfor selskapets kjerneverksemd?
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 104/2024 den 25.09.2024:
Handsaming:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.