Etablering av villreinsenter i Valle
Vedtak
1. Kommunedirektøren får i oppdrag å engasjere ekstern konsulent til å utarbeide ein forstudie om ei mogleg etablering av eit villreinsenter i Valle.
Forstudien skal i tillegg til utgreiingsmomenta som er gjort greie for i saka utarbeide ei konseptskisse med mogleg tematisk innhald, formidlingsformar og formidlingstekniske løysingar. Dette skal beskrivast skriftleg og visualiserast gjennom 3D eller anna form for illustrasjon. Konseptskissa skal utformast slik at han kan danne grunnlag for å vidare arbeid og søknad om tilskott.
Forstudiet skal ikkje berre vurdere formidling utifrå ein naturvitskapleg tilnærming, men og utifrå ein historisk og kulturell tilnærming.
Kostnadsramma vert med utgangspunkt i dette auka til inntil 175 000 kr. Finansieringa vert innarbeidd revidert budsjett i samband med handsaming av 2. tertial 2024.
2. Formannskapet er styringsgruppe for prosjektet og får naudsynt bistand frå administrasjonen i høve til møter, referat og oppfølging av arbeidet.
3. Forstudien skal leverast innan 01.03.2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 100/2024 den 25.09.2024:
Handsaming:
Innstillinga frå formannskapet fekk 9 røyster. Lars Tarald Myrum, Margit Dale, Steinar Nomeland, Kim Pedersen, Hildeborg Homme, Kjell Ove Tveiten, Niklos Berg og Gunvor Åkre. 4 røysta mot. Knut Hagen, Knut Olav Tveiten, Kristin Nomeland og Jørgen Solbakk.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.