Søknad om salsbevilling for alkoholhaldig drikk 2024-2028, COOP sørvest SA/Prix Valle
Vedtak
Coop Sørvest SA, org. nr. 966833300, får kommunal bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 jf. alkoholloven § 1-7 og § 3-1 andre ledd. Bevillingshavar: Coop Sørvest SA org. nr. 966833300 Bevilling gjeld til 30.9.2028 Type verksemd: Daglegvarebutikk Godkjent salsareal er butikkarealet, Coop Prix Valle, Nordibøvegen 147 A, 4747 Valle Salstid:
oKvardagar kl. 08.00 – 20.00. oLaurdagar og dagar før heilagdagar kl. 08.00 – 18.00, med unntak av dagen før Kristi himmelfartsdag. oDet er ikkje høve til sal av alkoholhaldig drikk som nemnt ovanfor på sun- og heilagdagar, 1. og 17. mai. Salsstyrar: Odd Hallvard Aamli Avløysar for salsstyrar: Torfrid Austad Internkontrollsystem oInnehavar av sals- og skjenkeløyve har plikt til å ha eit internkontrollsystem, jamfør forskrift til alkoholloven kapittel 8. Alle sals- og skjenkestader skal ha eit internkontrollsystem, tilpassa verksemda sin storleik m.m. jamfør rettleiar frå Sosial- og helsedirektoratet. Uansett storleik på verksemda skal desse dokumenta vere tilgjengelege for tilsette og kontrollorgan, på papir eller elektronisk:
For tilsette:
•Alkoholloven •Alkoholforskriften •Kommunen sitt løyvevedtak •Internkontrollsystem For kontrollorgan:
•Skriftleg dokumentasjon på internkontrollsystem skal leggjast fram på førespurnad. •Skriftleg dokumentasjon på at alle tilsette har årleg gjennomgang av internkontrollen skal leggjast fram på førespurnad. Omsetjingsgebyr:
oFor løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, skal det betalast eit gebyr som vert fastsett i forhold til forventa omsett mengde alkoholholdig drikk. Gebyrsatsen er fastsett i forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk mv. §6.2, 1 ledd. Gebyret skal betalast årleg.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 91/2024 den 25.09.2024:
Handsaming:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.