Søknad om alminneleg skjenkebevilling 2024-2028, Sølvgarden hotell og feriesenter AS
Vedtak
Sølvgarden hotell og feriesenter AS, org. nr. 990735611, får innvilga søknad om alminneleg skjenkebevilling etter § 1-6 og § 1-7 i alkoholloven. Skjenkebevillinga gjeld både innandørs og utandørs, og gjeld alkoholhaldig drikk gruppe I, II og III fram til 30.9.2028. For skjenkebevillinga gjeld følgjande:
Løyvehavar: Sølvgarden hotell og feriesenter AS, org. nr. 990735611 Type verksemd: Hotell, restaurant, bar, konferansedel, selskapslokale Skjenkelokale: Setesdalsvegen 3214, 4748 Rysstad Aldersgrense: 18 år Styrar: Inger K. Rysstad Avløysar for styrar: Valborg R. Hagen Skjenkeareal inne, totalt 2 330 m2: Underetasje inkludert velværeavdeling, kurs/selskapslokale og eit mindre rom som er nytta til kurs/konferanse. Vidare er 1. etasje med restaurant, bar og hotellrom/møterom, og 2. etasje med konferanserom/grupperom og hotellromskjenkeareal. I tillegg er det minibar på motellromma, og desse er medrekna i arealet det kan skjenkast i. Det er om lag 350 sitjeplassar innandørs. Skjenkeareal ute, totalt 250 m2: Terrasse frå inngangsparti (sør – og vestvendt) som er avgrensa med rekkverk. Om lag 80 sitjeplassar Alkoholhaldig drikk gruppe I og II kan skjenkast frå kl. 08.00 – 02.00 Alkoholhaldig drikk gruppe III kan skjenkast frå kl. 13.00 – 02.00 I dette tidsrommet kan det skjenkast kvardagar, sun – og heilagdagar og off. høgtidsdagar. Skjenketida gjeld både inne – og uteareal. Bevillingshavar har plikt til å ha eit skriftleg internkontrollsystem, elektronisk eller på papir, jf. «Alkoholpolitisk handlingsplan 2024 – 2027 for Valle kommune». oFor tilsette skal desse dokumenta vere tilgjengelege: alkoholloven, alkoholforskriften, kommunen sitt løyvevedtak og versemda sitt internkontrollsysten oFor kommunen sitt kontrollorgan skal verksemda sitt internkontrollsystem leggjast fram ved førespurnad samt skriftleg dokumentasjon på at alle tilsette har årleg gjennomgang av internkontrollen Vilkår:
Bevillingshavar har plikt til å melde frå til kommunen ved arrangement. Det skal meldast til post@valle.kommune.no Døme på arrangement er levande musikk, band, jolebord, lukka arrangement, påmeldingsarrangement der heile eller delar av skjenkelokalet er stengd for ålmenta jf. «Alkoholpolitisk handlingsplan 2024 – 2027 for Valle kommune» kapittel 18 punkt 9
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 85/2024 den 25.09.2024:
Handsaming:
Knut Hagen bad om ei vurdering av eigen gildskap som svoger til søkjar og gift med stedfortreder. Han forlot møtet. Knut Hagen vart samrøystes funnen ugild til å handsame saka.
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.