Bustadprosjekt - Setesdalstunet AS
Vedtak
1. Kommunestyret legg til grunn at eit bustadprosjekt i regi av Setesdalstunet AS tilfredsstiller vilkåra i retningslinjene for bustadbygging og renovering, og at fyrstegongskjøparar i eit eventuelt prosjekt kan få tildelt bustadtilskot på 500 000 kr for kvar bueining.
2. Kommunestyret signaliserer at kommunen ynskjer å kjøpe minst to bustadeiningar i eit eventuelt bustadprosjekt i sentrumsområda i Valle eller på Rysstad. Endeleg vedtak om kjøp må gjerast når prosjektet er planlagd og dei økonomiske føresetnadene avklarte.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 105/2024 den 25.09.2024:
Handsaming:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.