Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Nye Valle kultursenter - Godkjenning av anbod

Sak 76/2024 · Kommunestyret 31. juli 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Valle kommune godkjenner anbodet frå PK Entreprenør på kr 58 215 000 for bygging av nye Valle kultursenter. Kommunedirektøren får naudsynte fullmakter til å gjennomføre prosjektet. Levekårutvalet held fram som politisk styringsgruppe i byggjeperioden.

2. Samla investeringsramme for prosjektet nye Valle kultursenter vert oppretthalde i tråd med vedteke handlingsprogram, budsjett og økonomiplan for 2024-2027. På grunn av forventa endringar i framdriftsplanen for gjennomføringa av prosjektet, er det behov for å justere dei årlege beløpa i investeringsbudsjettet. Justeringane vert innarbeidde i handlingsprogram, budsjett og økonomiplan for 2025-2028.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 76/2024 den 31.07.2024:

Handsaming:

Knut Hagen bad kommunestyret vurdere eigen gildskap då han er leiande tilsett i eit form som har levert inn pris som underentreprenær til alle tilbydarane. Han reiste frå møtet og deltok ikkje under handsaminga av gildskapen.

Kommunestyret vedtok samrøystes at Knut Hagen var ugild.

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.