Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Klage på vedtak i sak 51/24 - Dispensasjon frå arealføremålet i reguleringsplanen, gnr. 40, bnr. 20, Kjellebergsvegen 21 - Valle kommune

Sak 75/2024 · Kommunestyret 31. juli 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret kan ikkje sjå at klaga inneheld ny informasjon eller løfter fram moment som ikkje har vore tilstrekkeleg utgreidd. Kommunestyret tek ikkje klagen til følgje og opprettheld vedtaket. Kommunestyret ynskjer å presisere at kommunen aldri har plikt til å gi dispensasjon sjølv om vilkåra er oppfylt, jf. at kommunen «kan» velje å gjere det. Kommunestyret ynskjer ikkje å nytte seg av dispensasjonsadgongen i denne saka fordi kommunestyret ynskjer at ein eventuell endring av arealføremålet skal skje gjennom ein ordinær planprosess.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 75/2024 den 31.07.2024:

Handsaming:

Kommunedirektøren var ugild i saka og deltok ikkje under handsaminga.

Settekommunedirektør Kåre Einar Larsen deltok via teams.

Framlegg frå Steinar Nomeland:

I medhald av forvaltningslova § 33 annet ledd, annet punktum, imøtekjem kommunestyret delvis klaga frå Haraldsplass Serio Ung (HSU), og gir med heimel i plan- og bygningslova § 19- 2 dispensasjon frå arealføremålet i reguleringsplanen, gnr. 40, bnr. 20, Kjellebergsvegen 21 fram til 1. februar 2025. Vedtaket er grunngjeve i perspektivet om borns beste og at verksemda kan bli avvikla på ein forsvarleg måte. Ytterlegare grunngjeving kjem fram under vurderinga av saken.

Alternativ røysting der innstillinga frå plan og miljø fekk 8 røyster (Torbjørg Hovet, Malmfrid Homme, Niklos Berg, Kjell Ove Tveiten, Hildeborg Homme, Kim Pedersen, Lars Tarald Myrum, Margit Dale) og vart vedteke mot 7 røyster for framlegget frå Steinar Nomeland.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.