Kommunedelplan for Brokke - godkjenning av planprogram
Vedtak
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-9, vert planprogram for kommunedelplan for Brokke med konsekvensutgreiing fastsett.
Følgjande innarbeidast i planprogrammet:
Valle kommune gjennomfører planrevisjon for å sikre ein bærekraftig utvikling gjennom eit oppdatert plangrunnlag som er i samsvar med dagens lovverk. Dette vil medføre betre ivaretakelse av allmenta sine interesser, likebehandling og mindre behov for dispensasjoner i områder avsatt til utbygging. Vidare må det takast omsyn til dei grunneigarane som ikkje vil ha eigedomane sine innafor planområdet.
Valle kommune søkjar statlege midlar frå Miljødirektoratet og gratis bistand frå Agder fylkeskommune til å gjennomføre planrevisjon.
Valle kommune må vurdere å leggje inn eit nytt rekkefølgjekrav i nye reguleringsplanar som vert godkjende, slik at ein kan ivaretake trafikktryggleiken i planområdet.
Ein legg til grunn at planrevisjonsprosessen i så lita grad som mogleg påverkar pågåande byggjeprosjekt med tildelt byggjeløyve.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 99/2024 den 25.09.2024:
Handsaming:
Steinar Nomeland bad formannskapet vurdere hans gildskap som dagleg leiar i Brokke vatn og avløp AS, og forlot møtet. Steinar Nomeland vart samrøsytes funnen ugild til å handsame saka.
Tilleggsframlegg frå Kim Pedersen:
Valle kommune må vurdere å leggje inn eit nytt rekkefølgjekrav i nye reguleringsplanar som vert godkjende, slik at ein kan ivaretake trafikktryggleiken i planområdet.
Tilleggsframlegg frå Lars Tarald Myrum:
Ein legg til grunn at planrevisjonsprosessen i så lita grad som mogleg påverkar pågåande byggjeprosjekt med tildelt byggjeløyve.
Røysting:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken. Tilleggsframlegget frå Kim Pedersen vart vedteke mot ei røyst frå Knut Hagen. Tilleggsframlegget frå Lars Tarald Myrum vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.