Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Interpellasjon frå Kim Pedersen - Villreinsenter i Valle

Interpellasjon 38/2024 · Kommunestyret 29. mai 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 38/2024 den 29.05.2024:

Som Kim Pedersen skriv i interpellasjonen vart det for ein del år sidan arbeidd med å etablere eit villreinsenter i Valle, også omtala som naturhus. Formannskapet løyvde i 2012 midlar (50 000 kr) til eit forprosjekt etter søknad frå verneområdestyret i SVR. Av ulike grunnar førte ikkje dette arbeidet til konkrete resultat den gongen.

Ordføraren er positiv til å sjå nærare på om ein kan blåse liv att i desse planane. Valle kommune har teke eit stort ansvar for å sikre levevilkåra for villreinen. Fyrst og fremst fordi ein vesentleg del av kommunen sitt areal er underlagt strenge restriksjonar med bakgrunn i villreinomsyn. Eit villreinsenter kan auke interessa for og kunnskapen om villrein, og slik styrkje informasjonsarbeidet om villrein. Nettopp informasjonstiltak har fått prioritet i stortingsmeldinga om villrein som no er til handsaming i Stortinget. I tillegg kan eit slikt villsenter ha ringverknader for reise- og næringslivet i regionen, slik Kim Pedersen skriv i interpellasjonen.

Ordføraren meiner kommunestyret bør få ei politisk sak på fyrste møtet etter sommaren med framlegg til korleis ein kan arbeide vidare med saka.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.