Dispensasjon frå arealføremålet i reguleringsplanen, gnr. 40, bnr. 20, Kjellebergsvegen 21 - Valle kommune
Vedtak
Kommunestyret avslår søknad om dispensasjon frå arealføremålet i reguleringsplanen, gnr. 40, bnr. 20, Kjellebergsvegen 21 med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 andre og tredje ledd. Vedtaket er grunngjeve i at tiltaket er i strid med gjeldande reguleringsplan og er vurdert å vere ueigna til denne type drift. Med bakgrunn i omsynet til brukarane ved omsorgssenteret vil kommunen leggje til rette for at tiltakshaver skal få tilstrekkelig med tid til å avvikle drifta på ein forsvarleg måte. Tiltakshavar avsluttar drifta på Gnr.40 Bnr.20, innen 1.august 2024.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 51/2024 den 29.05.2024:
Handsaming:
Kommunedirektør har meldt seg ugild og forlot møtet.
Georg Sørmo ber kommunestyret vurdere hans habilitet på bakgrunn av hans stilling i Agder politidistrikt/Valle og Bykle politistasjon, og at det har vore hendelser i samband med institusjonen der politiet har vore involvert. Georg Sørmo vart samrøystes funne gild til å handsame saka.
Hildeborg Homme ber kommunestyret om å vurdere hennar habilitet då ho bur i sentrum. Hildeborg Homme vart samrøystes funne gild til å handsame saka.
Gunvor Åkre ber kommunestyret vurdere hennar habilitet då ho er privat engasjert i saka som bebuar i Valle sentrum. Gunvor Åkre vert samrøystes funne ugild til å handsame saka og forlot møtet.
Lars Tarald Myrum ber kommunestyret om å vurdere hans habilitet då han bur i sentrum og har ein svigerfar som har fått innkalling og vore på nabomøte med Haraldsplass Serio Ung. Varaordførar overtok møteleiinga. Lars Tarald Myrum vart samrøystes funne gild til å handsame saka og tok att møteleiinga.
Framlegg frå Åse Ingebjørg Flateland:
Kommunestyret gjev dispensasjon frå arealføremålet i reguleringsplanen, gnr. 40, bnr. 20, Kjellebergsvegen 21, og vil i medhald av plan- og bygningslova § 19- 2 imøtekome søknaden då vilkåra for å kunne gi dispensasjon er til stades.
Vedtaket er grunngjeve i omsynet til borna ved omsorgssenteret og at dispensasjonen kunn gjeld for inntil 1 år. Dette sikrar at tiltakshavar kan avvikle verksemda i lokala på ein forsvarleg måte. Ytterlegare grunngjeving kjem fram under vurderinga av saken.
Dispensasjonen gjeld i inntil 1 år etter at melding om vedtak er motteke.
Alternativ røysting:
Innstillinga frå plan og miljøutvalet fekk 7 røyster frå Margit Dale, Lars Tarald Myrum, Kim Pedersen, Hildeborg Homme, Kjell Ove Tveiten, Niklos Berg og Malmfrid N. Homme. Framlegget frå Åse Ingebjørg Flateland fekk 7 røyster frå Georg Sørmo, Knut Olav Tveiten, Knut Erik Paulsen, Steinar Nomeland, Knut Hagen, Åse Ingegjørg Flateland og Kristin Nomeland.
Innstillinga frå plan og miljøutvalet vart vedteke med ordføraren si dobbelrøyst.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.