Bruk av Valle sentrum
Vedtak
1. Valle kommune ønskjer å utvikle Valle sentrum som handelstad og bumiljø i samsvar med gjeldande sentrumsplan. Næringsarealet i det gamle Valle motell er sett til bustad/næring/overnatting/bevertning i reguleringsplanen. Kommunestyret ønskjer at arealet skal nyttast i samsvar med reguleringsformålet og kjem til å være svært kritiske til bruksendring eller ytterlegare dispensasjon frå plankravet.
2. Kommunedirektøren er ugild i saken. Med bakgrunn i ugildskapen vedtek kommunestyret at Ordføraren får mandat til å utpeke ein settekommune til å handsame saka.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 29/2024 den 24.04.2024:
Handsaming:
Kommunedirektør har meldt seg ugild og forlot møtet. Hildeborg Homme ber kommunestyret om å vurdere hennar habilitet då ho bur i sentrum. Lars Tarald Myrum ber kommunestyret om å vurdere hans habilitet då han bur i sentrum og har ein svigerfar som har fått innkalling og vore på nabomøte med Haraldsplass Serio Ung.
Ordførar har kontakta Erland Aamodt i KS advokatane om begge høva, og råda frå han er at ingen av dei er ugilde til å handsame denne saka.
Hildeborg Homme vart samrøystes funne gild til å handsame saka. Lars Tarald Myrum vart samrøystes funne gild til å handsame saka.
Framlegg frå Kim Pedersen:
1. Valle kommune ønskjer å utvikle Valle sentrum som handelstad og bumiljø i samsvar med gjeldande sentrumsplan. Næringsarealet i det gamle Valle motell er sett til bustad/næring/overnatting/bevertning i reguleringsplanen. Kommunestyret ønskjer at arealet skal nyttast i samsvar med reguleringsformålet og kjem til å være svært kritiske til bruksendring eller ytterlegare dispensasjon frå plankravet.
2. Kommunedirektøren er ugild i saken. Med bakgrunn i ugildskapen vedtek kommunestyret at Ordføraren får mandat til å utpeke ein settekommune til å handsame saka.
Røysting:
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.