Revidering av retningsliner for ENØK-tilskot næringsdrivande og foreiningar/lag i Valle kommune
Vedtak
Reviderte retningsliner for ENØK-tilskot næringsdrivande og foreiningar/lag i Valle kommune vert vedteke slik det ligg ved saka. Endringar i retningsliner:
Den følgjande teksten vert lagt til i nummerpunkt 1. Enøk-tilskot og føremål., i retningslinene for ENØK-tilskot for næringsliv, organisasjonar og lag.:
Før det er søkt om ENØK-tilskot frå Valle kommune skal alle andre sentrale eller regionale støtteordningar vere forsøkt/vurdert. Endra punkt 3 i retningslinjene:
3. Mynde og klagehandsaming
a. Formannskapet får fullmakt til å handsame søknadene.
b. Klage på vedtak skal handsamast i kommunestyret.
Det følgjande nummerpunktet vert lagt til i retningslinene for ENØK-tilskot for næringsliv, foreiningar og lag:
7.Samfinansiering •Før det er søkt om ENØK-tilskot frå Valle kommune, skal alle andre sentrale eller regionale støtteordningar vere forsøkt/vurdert, til dømes ENOVA. •Ein viser elles til EØS-reglementet som er gjeldande for tilskotsordninga.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 34/2024 den 24.04.2024:
Handsaming:
Tilleggsframlegg frå Margit Dale:
Endra punkt 3 i retningslinjene:
3. Mynde og klagehandsaming
a. Formannskapet får fullmakt til å handsame søknadene.
b. Klage på vedtak skal handsamast i kommunestyret.
Tilleggsframlegget vart samrøystes vedteke. Innstillinga frå formannskapet med endring i punkt 3 vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.