Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Oppfølging av oppvekstreform - interkommunalt samarbeid

Sak 24/2024 · Kommunestyret 20. mars 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret vedtek å starte opp eit hovudprosjekt på oppvekstfeltet for å greie ut korleis kommunen bør fylgje opp det vidare arbeidet med oppvekstreforma, der ein ser særskild på organisering og samarbeidsstrukturar på tvers av kommunane.

2. Utgreiinga skal skje med utgangspunkt i gjeldande lov- og forskriftskrav og kommunalt planverk.

3. Prosjektet vert gjennomført saman med Bykle kommune. Bygland kommune vert varsla om vedtaket, og kan melde seg på i prosjektet innan 31.05.2024. Kommunedirektørane utgjer styringsgruppa for prosjektet og får fullmakt til å etablere ein prosjektorganisasjon med deltakarar frå oppveksteiningane i dei to kommunane.

4. Prosjektrapport med tilrådingar skal leggjast fram for politisk handsaming innan 31.12.2024.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 24/2024 den 20.03.2024:

Handsaming:

Tilrådinga vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.