Tilbod frå Statkraft om aksjebytte i Å Energi
Vedtak
1.Valle kommune godkjenner ikkje at kommunale eigarar som har bytterett i fylgje aksjonæravtalen i Å Energi kan nytte seg av tilbodet om aksjebytte sett fram av Statkraft. 2.Dersom eit aksjebytte vert godkjend av minst 50% av Agder-kommunane (basert på aksjeinnehav, ekskl. Sirdal og Farsund) ynskjer Valle kommune ikkje å nytte seg av byttetilbodet frå Statkraft.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 25/2024 den 20.03.2024:
Handsaming:
Protokolltilførsel frå Tarald K. Rike:
I "Saksframlegg Valle kommune" av 15.06.2023, under punktet "Framlegg til felles eigarstargegi/eigarmeldingfor Å Energi AS" står det:
1. Mål om at Å Energi AS skal vere eit av dei mest lønsame selskapa i bransjen og at eigarane oppnår marknadsbasert avkastning av kapitalen.
2. (..)"det vert forvetna at sealskapet ikkje involverer seg i vindkraft på land".
3. "Forventningar om at selskapet tek ei regional utviklingsrolle." Eg vil rå til at kommunestyret i framtida overfor Å Energi AS arbeider for at Å Energi skal sikre rimelege straumprisar til hushaldningar og næringsliv i Agder gjennom langsiktige avtalar med kundane og ikkje arbeider for høgst moglege kraftprisar gjennom kraftbørsen. Dette er og det beste bidraget til regional utvikling. Valle kommune skal vere ein langsiktig medeigar i Å Energi, sjølv om utbytte vert noko redusert. Alternative, betre aktiva for kommune finst ikkje. Og at det vert forventa at selskaet ikkje skal involvere seg i den mest spekulative og usikre rolla som utbygging av vindkraft er på land. Eg vil tilrå at det vert tilføyd til sjøs, for det er endå meir ein sjanseseilas. Og, nokså viktig: Valle kommune saman med dei andre Agder-kommunane bør arbeide for at minst halvparten av styret og styreleiaren kjem frå Agder, ikkje som i dag, at ein nokså tilfeldig person frå Oslo, med altfor mange styreoppdrag, og som knapt veit kor Agder ligg, vert trekt inn som styreleiar i Å Energi AS. Valle kommune har tidlegare teke til orde for at det skal vere moderasjon i lønsvilkåra for styret og styremedlemer: Eg synest ikkje at fusjonen til Å Energi, med dobbelt løn til konsernsjefen og vel om lag dobbelt opp med honorar til styremedlemene reflekterer dette!
TIlrådinga vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.