Førespurnader
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 109/2024 den 30.10.2024:
Margit Dale:
Rekneskapen frå 2018 syner at Valle kommune hadde ein utgift til helsetenesta på 10,5 millionar kroner. Tenesta hadde då 21,6 årsverk. Rekneskapen frå 2023 syner at helsetenesta då hadde 21,7 årsverk og Valle kommune hadde ein utgift på 16 millionar kroner. Justert for løns- og prisvekst er dette ei faktisk auke på over 2,5 millionar kroner.
I behandlinga av tertialrapporten vert det lagt opp til ein budsjettjustering på 2,5 millionar kroner innanfor «Interkommunale samarbeid/anna eksternt». Det vert skrive at hovuddelen av denne auka er knytt til helsetenesta.
Helse er ei viktig teneste for innbyggarane i kommunen, men det er og ei dyr teneste. Som politikarar har me eit ansvar for å følgje kostnadsutviklinga og ha fokus på å få best mogleg tenester til innbyggarane for dei pengane som er sett av.
Slik som dette er strukturert i tertialrapporten er det vanskeleg å lese ut kva som er forventa utgifter i helsesamarbeidet for 2024
1. Er det mogleg å skile ut helsesamarbeidet som eit eiga ansvar i budsjett og rapportering framover?
2. Kva er budsjettert utgift for helsesamarbeidet i 2024 etter budsjettjusteringa?
Kommunedirektøren:
1. Ja vi kan justere rapporten slik at tala for helsesamarbeidet framkjem tydlegare.
2. Budsjett er 15,59 millionar kroner. Forventa økonomisk kostnad for året er 18,09 millionar kroner.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.