Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Førespurnader

Sak 55/2024 · Kommunestyret 19. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 55/2024 den 19.06.2024:

Kommunedirektøren sitt svar på førespurnad i førre kommunestyremøte. På bakgrunn av førespurnaden vart det gjort ei intern undersøking av kva me tilbyr av hjelp.

• Biblioteket. Me tilbyr hjelp i opningstida til dei som treng hjelp til å bestille noko på nett, laste ned app osb

• Pleie og omsorg. Me har ikkje ei fast ordning, men den som treng hjelp kan kontakte pleie og omsorg som vil hjelpe til så godt det let seg gjere.

Informasjon om dette er avgjerande, og dei som treng hjelpa må vite kor ein kan henvende seg. Her har me nok eit forbetringspotensiale. Me har difor lagt ut ein nyheitsartikkel på heimesida og legg sjølvsagt ut info i Bygdenytt i neste nummer. Det siste er nok det viktigaste for den aktuelle målgruppa. Det er naturleg å repetere informasjonen i seinare utgåver av Bygdenytt.

Margit Dale:

Treningsrommet er ein viktig møteplass. Er det ei ordning for skuleungdomar og andre som kjem heim i ferier og vil nytte treningsrommet sporadisk?

Ordførar:

Valle IL drifter møykjerommet og set vilkåra for bruken. Normal bruk krev medlemsskap og betalt årsavgift i møykjerommet. Studentrabatt og tilbod om kompistrening der du vippser 100 kr pr. gang. Krev at du er i selskap med ein person som har medlemsskap og tilgang til Solver-appen som ein må ha for å kome inn. Ordførar vil oppmode Valle IL om å opplyse dette tydelegare.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.