Førespurnader
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 101/2023 den 29.11.2023:
Steinar Nomeland:
1. Valle kommune er fleire gonger gjennom fleire år varsla om stor forureining på jordbruksvatnet i Valle. Jordbruksvatnet som endar på Haugebirke, vert nytta til fylling av brannvesenets tankbilar, samt brannuttak til m.a. Valle Bygdeheim. Forureininga er så stor, at det i verste fall kan medføre havari på brannsløkkjarutstyr. Har Valle kommune gjort noko med dette, og eventuelt kva er gjort?
Svar frå kommunedirektøren:
Det er korrekt at dagens løysing for spylinga av leidningane ikkje er god nok og gjev utfordringar med forureining av jordbruksvatnet. Det vert sett i gong arbeid med å undersøkje tilhøva i endar av leidningsnettet og finne tiltak som kan løyse problematikken.
2. Jordbruksvatnet som vert nytta til brannvatn, endar på Haugebirke. Kva slags løysing er det på brannvatn i skuleområdet, Valle skule, Valle barnehage, Setesdal vidaregåande? Og kva slags løysing er det på brannvatn i området Hylestad barnehage, og Setesdal folkehøgskule?
Svar frå kommunedirektøren:
Skuleområdet i Valle:
Brannvanns-uttak i 3 brannkummar: 1 kum ved Spelestoga/Setesdal vidaregåande, 1 kum ved barnehagen/Hybelbygget og 1 kum på grusbanen. I tillegg så er det tilgong til vatn i elva med pumpe, så lenge den er isfri, med adkomst i kulvert under Rv9.
Hylestad barnehage og SFH:
Brannvanns-uttak i 2 brannkummar: 1 kum aust for Rv 9 ved utløp kulvert og 1 kum ved brakkerigg/internat SFH i nord. På Nomeland er det i tillegg tilgong til vatn i elva - heile året.
Kapasiteten er for låg i høve til brannkrava til Setesdal brannvesen IKS. Det er difor sett av midlar i kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2024 til å sjå på moglege løysingar for å tilfredsstille krava. Det er også dialog med Setesdal brannvesen IKS om desse spørsmåla.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.