PlanID 20240003 Mobø bustadfelt 136/71 - 2. gongs handsaming og endeleg vedtak
Vedtak
Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak
Framlegg til reguleringsplan for Mobø bustadfelt, planID 20240003 blir vedteken i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 med desse endringane:
- Endre føresegn pkt. 2.5 Støy og støv kulepunkt 2 frå «T-1442 skal leggjast til grunn i anleggsfasen» til «Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442) skal leggjast til grunn i anleggsfasen. Grenseverdiane gitt i T-1442 ikkje skal overskridast, og at dette skal leggjast til grunn både i drifts- og anleggsfasen».
- Leggje til nytt punkt under i føresegn pkt. 2.5 Støy og støv: «Omsynet til støvproblematikk i anleggsfasen skal handterast i samsvar med Retningslinje for behandling av luftkvalitet i arealplanlegging (T-1520)».
- Leggje til nytt punkt i føresegn pkt. 2.8 Frisiktsone: «Det er ikkje høve for snøopplag i frisiktsona».
- Leggje til under føresegn 3.5.1 Friluftsføremål LF kulepunkt 2: «Det er høve til å etablere flaumsikringstiltak. Eventuelle flaumtiltak innanfor LF blir utforma på ein måte som ivaretek målsetjingane i vassressurslova».
- Leggje til under føresegn pkt. 3.5.1 Friluftsføremål LF kulepunkt 2: «Det er høve til å etablere flaumsikringstiltak. Eventuelle flaumtiltak innanfor LF blir utforma på ein måte som ivaretek målsetjingane i vassressurslova».
- Leggje til under føresegn pkt. 3.5.1. Friluftsområde VFV kulepunkt 1: «Reguleringsområdet omfattar eit belte mellom bustader og elva, kantvegetasjon. Det er krav om å oppretthalde kantsone langs vassdraget, jf. vassressurslova § 11. Kantvegetasjonen er viktig å sikre for å hindre erosjon og øydelegging av vassmiljøet. Tiltak i kantvegetasjonen er søknadspliktige».
- Leggje til under føresegn pkt. 3.6.1 kulepunkt 2: «Det er anledning til å etablere flaumvern/jordvoll eller tilsvarande som leier overvatn bort frå byggjeområda ved flaum. Eventuelle flaumtiltak innanfor LF blir utforma på ein måte som ivaretek målsetjingane i vassressurslova».
- Leggje til i føresegn 4.1.2 Flaumfare: «Det er ikkje tillate å heve heile terrenget for tomtene. Det er berre tillate å heve terrenget under bustadhusa og vegar til nivået som er gitt i tabell 2».
- Fjerne rekkjefylgjekrav pkt. 5.2 kulepunkt 2 «Offentlege trafikkområde skal vere opprusta/etablert etter aktuell vegstandard før brukstillating vert gjeve».
- Fjerne byggjegrensa på parkeringsføremåla, f_SPP1 og f_SPP2 i plankartet.
Når ny reguleringsplan blir vedteke blir reguleringsplan for 136/71 Mobø, planID 20180001 oppheva i sin heilskap i medhald av plan- og bygningslova § 12-14.
Mobøvegen blir vedteke jf. stadnamnlova § 7 fyrste ledd og adresseforskrift for Vinje, Telemark § 2. Kommunen syter for oppsetting av vegnamnskilt. Kommunestyret har vedteke føresegner om oppsetting og kostnad for husnummerskilt. Kommunen kjøper inn husnummerskilt og sender dette ut til alle husstandar. Kvar huseigar må sjølv setje opp skiltet.
Voteringer
- Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtakVedtatt
Forslag
Forslagsteksten

22 for · 3 mot
- Sp 8 for
- SV 4 for
- Vinje Tverrpolitiske bygdeliste 4 for
- A 3 for
- FrP 1 for
- H 1 for
- INP 1 for
- Det Norske Industripartiet 3 mot
Hvem stemte hva
For (22)
- Bertin BjåenA
- Kjellfrid NesetA
- Reidun HyttedalenA
- Bjørn Ronny JervsjøFrP
- Knut Arne MidtveitH
- Knut Erik JordstøylINP
- Ane KillingtveitSp
- Jon Rikard KlevenSp
- Kjetil NessætherSp
- Liv Sigrun Nykos MidtunSp
- Nils Ole LienSp
- Ragnhild SølbergSp
- Tone EdlandSp
- Åse Versto KringlegardenSp
- Kjersti KaasaSV
- Nils Johan Svalastog GarnesSV
- Olav RuiSV
- Øystein HøgetveitSV
- Aslak KåsaVinje Tverrpolitiske bygdeliste
- Bjørnar Kalbach ChristensenVinje Tverrpolitiske bygdeliste
- Børge SkårdalVinje Tverrpolitiske bygdeliste
- Magnar AndreassenVinje Tverrpolitiske bygdeliste
Mot (3)
- Suhail MushtaqDet Norske Industripartiet
- Vetle FrantzenDet Norske Industripartiet
- Åshild Bringsvær-SundeDet Norske Industripartiet
Dokumenter
- Framlegg til føresegner 2. gongs handsaming - revidert i høve flaum ↗
- Framlegg til plankart 2. gongs handsaming ↗
- Planomtale - Mobø bustadfelt ↗
- Flaumrapport for Mobø bustadfelt Norconsult 2026 ↗
- ROS-analyse - Mobø bustadfelt rev. 05.05.26 ↗
- Bustadveljar - Mobø mikrohuslandsby 07.11.2025 ↗
- Saksprotokoll - PlanID 20240003 Mobø bustadfelt 136 71 - 1. gongs handsaming i PMU 16.11.25 sak 133 25 ↗
- Tilråding på vegnamn frå språkrådet 25.03.26 ↗
- Høyringsinnspel frå Mattilsynet 18.12.25 ↗
- Høyringsinnspel frå Statsforvaltaren 15.01.26 ↗
- Høyringsinnspel frå Telemark fylkeskommunen 06.02.26 ↗
- Brev til Telemark fylkeskommune 23.04.26 - Dialog i høve høyringsinnspel Mobø bustadfelt - gang- og sykkelveg ↗
- Brev til NVE 05.05.26 - Oversending av endra føresegner ↗
- Utkast til byggrettleiar for Mobø bustadfelt 06.05.26 ↗
- Brev frå Telemark fylkeskommune 15.05.26 - Dialog i høve høyringsinnspel Mobø bustadfelt - gang- og sykkelveg ↗
- Høyringsinnspel frå NVE 21.05.26 ↗
Kilde: kommunens møteportal (Kaukus), saken hos kommunen ↗, hentet 28. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.