Kommuneplanens arealdel - framlegg til endringar for å løyse motsegn frå Statsforvaltaren og Fylkeskommunen
Vedtak
Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtak
Endringar i framlegg til ny arealdel til kommuneplanen (KPA) vert godteke slik dei går fram av lista nedom:
- Føresegn 1.8 c) vert endra til:
- Inngrep i myr og andre våtmarksområder er forbode dersom tiltaket fører til skade på areala si økologiske funksjon og evne til karbonlagring, karbonopptak eller oppretthalding av naturleg vassbalanse. Ved utarbeiding av planframlegg eller søknad tiltak som kan påverke slike areal, skal alternative løysingar vurderast, og konsekvensane av inngrepet skal greiast ut. Det skal gjennomførast detaljert kartlegging av myr på reguleringsplannivå, og identifiserte områder skal sikrast gjennom omsynssoner og tilhøyrande føresegner i reguleringsplan.
- Føresegn 1.18, kulepunkt 4 vert endra til:
- Kartlegging av naturmangfald, myr og våtmarksområder dersom dette ikkje er kartlagt frå før.
- Område FTU4 Haukeliseter vert gjort om frå fritids- og turistføremål til LNF2, slik som dei omkringliggjande områda er.
- Omsynssoner kring dei freda kulturminna gravfelt og Rauland kyrkjestad vert lagt inn i plankart og føresegner, justert i tråd med motsegn.
- Konsekvensutgreiing (KU) vert oppdatert med vurdering i høve vassmiljø der det er naudsynt.
- KU for område FTU2 og FTU13 vert lagt ved og KU for NÆ41 vert oppdatert.
Vinje kommune ynskjer ikkje å endre plankartet for område B5 slik motsegna til Telemark fylkeskommune krev. Saka går til mekling og Tone Edland og Hans Martin Huse stiller frå PMU.
Voteringer
- Plan- og miljøutvalet sitt framlegg til vedtakVedtatt
Forslag
Forslagsteksten

Enstemmig vedtatt
Dokumenter
- Kommuneplanens arealdel - framlegg til endringar for å løyse motsegn frå Statsforvaltaren og Fylkeskommunen ↗
- Brev til Telemark Fylkeskommune med framlegg til å løyse motsegn ↗
- Brev til Statsforvaltaren med framlegg til å løyse motsegn ↗
- KPA - Justering av plandokument i høve myr og våtmark ↗
- Attendemelding frå Telemark Fylkeskommune ↗
- Attendemelding frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark ↗
Kilde: kommunens møteportal (Kaukus), saken hos kommunen ↗, hentet 28. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.